Hopp til innhold

Dykkar send med luftambulanse til sjukehus

Politiet melder at ein dykkar fekk problem under eit dykk i Vaksdal utanfor Bergen. Vedkomande kom seg til overflata sjølv, der han blei teken hand om av følgjebåten. Dykkaren var då vaken og medviten, men vart etter kvart dårlegare.

Naudetatane vart varsla og dykkaren vart send med luftambulanse til Haukeland sjukehus. Politiet avhøyrer vitne og opprettar sak.