Hopp til innhold

Dykkaren var på veg opp frå krigsvrak

Det tyske vraket «Sao Paulo» var målet for dykkaren som miste livet i går. Dette er den andre dødsulukka ved skipet.

Drukningsulykke ved Håkonsvern

PÅ OVERFLATA: Rundt 80 meter under havoverflata ligg krigsskipet Sao Paulo.

Foto: Mikal Olsen Lerøen / NRK

– Dykkarane var på veg opp frå vraket «Sao Paulo», som ligg i Vatlestraumen, fortel potlitioverbetjent Svein Føllesdal.

Området er ein kjent stad for vrakdykking, og fleire kjente skip ligg i området. «Sao Paulo» sank etter at skipet traff ei mine 9. april 1940.

Skipet ligg på rundt 80 meters djupne i eit område med både mykje trafikk og ein del straum. Også i 1995 miste ein dykkar livet på staden.

Var på veg opp frå vraket

På vegen opp frå «Sao Paulo» kjem dykkarane frå kvarandre og mistar kontakten med kvarandre.

– Dykkaren som mista livet gjekk raskare opp enn dei andre. Båtføraren såg at han var i dårleg form og tok han inn til land, fortel Føllesdal.

Venene som framleis var i vatnet visste ingenting om at han var i livsfare. Seinare fann politiet ein av dykkarane mange meter under overflata. Der dreiv vedkomande framleis med dekomprimering.

I over ein time forsøkte ein å redde livet til mannen. Også dykkarlege var på staden, men livet sto ikkje til å redde.

– Dykkarkameratane sliter og har det tungt no, fortel Føllesdal.

– Ikkje sikkert vi får svar

D/S Sao Paulo

SAO PAULO: Skipet kom til Norge med krigsmateriell til dei tyske invasjonsstyrkane. I dag ligg det på botnen av Vatlestraumen.

Foto: Dykkepedia

I går og i dag har venene vore i avhøyr med politiet. Målet er å forsøke å finne ut kva som skjedde, og kvifor ein dykkaren gjekk for raskt opp.

– Ut i frå det dei har fortalt oss, så er dette erfarne dykkarar. Men det er ikkje sikkert vi nokon gong vil få svar på akkurat kva som skjedde. Han var for seg sjølv då ulukka skjedde, fortel Føllesdal.

Dei pårørande i Danmark er varsla.

– Det gjekk via ambassaden, og skal vere i orden no. Om ikkje lenge vil dykkarane også reise heim til Danmark, fortel Føllesdal.