Hopp til innhold

Duka for kompisduell på fotballbana

Mellom klokka 18 og 20 i kveld nyttar det ikkje å ringe verken Jarle Gjermundstad eller Oddvin Hovland.

Vegar Gjermundstad og Even Hovland

Vegar Gjermundstad (t.v.) og Even Hovland var kompisar med fotball som sentral fellesnemnar allereie før dei kom i barnehagen.

Foto: Fotomontasje (Bjørn Sigurdsøn/Scanpix, Rune Fossum/NRK)

Dei to fotballfedrene i Vadheim har planar om å la telefonen ringe, og vie all merksemd til kveldens einaste oppgjer i 1. divisjon.

- Mange år til neste gang

For mot alle odds har den vesle bygda, med sine knappe 500 innbyggjarar, klart det få bygder klarer. Å få fram to jamgamle fotballspelarar av veldig god 1. divisjonskvalitet - Even Hovland og Vegar Gjermundstad.

(Artikkelen held fram under avstemminga)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Det kan vere mange år til neste gang. Dersom det skjer igjen, seier Oddvin Hovland.

- Spesielt

I bortegarderoben på Bislett i kveld, tek midtstoppar Even Hovland sogndalstrøya over hovudet. I heimegarderoben sit barndomskompisen Vegar Gjermundstad klar til å gjere sitt for å forsvare målet til Lyn.

- Det er veldig spesielt at to slike spelarar kjem frå ei så lita bygd, meiner Jarle Gjermundstad.

- Fekk ein del «juling»

Gjermundstad og Hovland trente dei to gutane byrja å spele fotball. Ingen av dei er overraska over at Vadheim no produserer fotballspelarar i tempo som berre Flo-bygda har klart tidlegare.

- Vi såg tidleg at dei var veldig villige til å yte det dei skulle. Dei møtte alltid opp og det var aldri noko tull, seier Gjermundstad.

- Dei har alltid måtte spele mot eldre spelarar. For mange lag på små plassar må ein ha med fleire alderstrinn. Det har gjort at dei har fått ein del «juling» i ung alder, legg Hovland til.

Har statistikken mot seg

Sogndal har statistikken mot seg når dei i kveld entrar Bislett stadion. Seks av dei ni siste møta i Oslo har enda i heimesiger. Resten har enda uavgjort. Største tapet kom i 1992 då Lyn vann 7-3.

Når laga i kveld møtast for 10. gang sidan 1991 på Bislett, er Sogndal knappe favorittar. Men ingen av fedrene i Vadheim vil spå utfallet.

- Nei, eg håpar sjølvsagt på Sogndal, men eg vågar ikkje tippe noko resultat, seier Hovland.

Siste møte mellom Lyn og Sogndal

Sesong

Heimelag

Bortelag

Resultat

Divisjon

2010

Lyn

Sogndal

2-2

Treningskamp

2004

Sogndal

Lyn

1-1

Tippeligaen

2004

Lyn

Sogndal

2-0

Tippeligaen

2003

Sogndal

Lyn

1-2

Tippeligaen

2003

Lyn

Sogndal

3-0

Tippeligaen

2002

Sogndal

Lyn

2-2

Tippeligaen

2002

Lyn

Sogndal

1-0

Tippeligaen

2001

Lyn

Sogndal

1-1

Tippeligaen

2001

Sogndal

Lyn

1-0

Tippeligaen

2000

Sogndal

Lyn

1-2

1. divisjon

2000

Lyn

Sogndal

2-0

1. divisjon

1999

Sogndal

Lyn

1-2

1. divisjon

1999

Lyn

Sogndal

2-2

1. divisjon

1997

Lyn

Sogndal

5-2

Tippeligaen

1997

Sogndal

Lyn

2-1

Tippeligaen

1992

Lyn

Sogndal

7-3

Tippeligaen

1992

Sogndal

Lyn

1-2

Tippeligaen

1991

Lyn

Sogndal

1-1

Tippeligaen

1991

Sogndal

Lyn

0-2

Tippeligaen

Ekspander/minimer faktaboks