Hopp til innhold

Dugnad på Skåla-stien

Laurdag gjorde fjellentusiastar ein stor innsats for å utbetre stien opp til Skåla i Loen. Sjå biletserie frå arbeidet.

Det var ti fjellfolk frå Loen og Olden som saman med tre spesialistar frå Nepal som gjorde stien meir framkommeleg i rundt 1400 meters høgde.

Anne Rudsengen er prosjektleiar for Skålastiprosjektet, som er støtta av Fylkesmannen, Stryn kommune, Bergen Turlag, reiselivet og grunneigarar. Erik Brendefur tok initiativet til dugnaden, og Rune Holen var arbeidsleiar.

100 meter ny sti

Saman med Sonam, Ang Tshering og Jyapyang Sherpa frå Nepal, som er leigde inn for å arbeide på Skålastien i sommar, la dugnadsgjengen 100 meter ny sti. Det var konkurranse mellom arbeidslaga om å legge lengststi, og kven som kunne flytte på dei største steinane.