Hopp til innhold

Solberg: – Sidemål skapar angst og hat

Stortingsvalet kan vera eit skjebneval for sidemålet. – Høgre svekkjer den språklege likestillinga, sa Audun Lysbakken då han møtte Erna Solberg til heftig sidemålsduell.

Sidan 1907 har norske skuleelevar skrive to eksamensoppgåver, ei på bokmål og ei på nynorsk. Får Høgre og Erna Solberg det som ho vil, vert det slutt på eigen karakter og eksamen i sidemål etter valet. Her møter Solberg Audun Lysbakken til duell.

Duell om framtida til sidemålet

Sidan 1907 har norske skuleelevar skrive to eksamensoppgåver i norskfaget – ei på hovudmålet og ei på sidemålet. Får Erna Solberg og Høgre det som ho vil, forsvinn sidemålsstilen frå norsk skule etter valet.

Erna Solberg, Høgre

VIL FJERNA SIDEMÅLET: Erna Solberg argumenterer for å ta sidemålskarakteren ut av norskfaget.

Foto: NRK

– Elevane må sleppa den grunnleggjande verbbøyinga, og å bruke tida på å bla i ordbøker. I dag skapar denne læringsforma eit angst- og hatforhold, sa Solberg då ho møtte Audun Lysbakken til sidemålsduell i den felles heimbyen onsdag.

Forslaget går ut på å fjerna både karakter og eksamen i sidemål både i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen.

LES ÒG: Hjeltnes ut mot Høgre sitt nynorsk-vedtak

– Åtak på språkleg likestilling

Lysbakken og SV er sterkt ueinige med Høgre, og ønskjer at norske skuleelevar framleis skal læra to målformer, og at ein framleis skal få svar på eiga målform når ein kontaktar det offentlege.

Audun Lysbakken, SV

KRITISK: SV-leiar Audun Lysbakken meiner fjerning av sidemål vil svekka nynorsken.

Foto: NRK

– Dette handlar ikkje om verbbøying, men nordmenn flest skal kunna bruka språket. Dette er eit åtak på den språklege likestillinga, sa Lysbakken.

Onsdag møttest dei fire partileiarane frå Vestlandet til valdebatt i regi av NRK Hordaland, Bergensavisen, Bergens Tidende og Studentersamfunnet i Bergen. I Hordaland og Sogn og Fjordane hadde 44 prosent av grunnskuleelevane i førre skuleår nynorsk som hovudmål.

Lysbakken meiner forslaget er eit trugsmål mot nynorsken.

– Språkforskinga viser tydeleg at du vert betre i språk av å læra fleire språk. Ingenting tyder på at ein vert betre i norsk av å ta vekk sidemålet, resultatet kan snarare verta det motsette, meiner Lysbakken.

LES ÒG: Stadig færre skriv nynorsk

Meiner Høgre er inkonsekvente

Ordbok

KAN FORSVINNA: Sidemålet kan forsvinna frå norsk skule, om Høgre og Framstegspartiet får det som dei vil.

Foto: Børge Sandnes / Scanstockphoto

Han meiner det er underleg at Høgre ønskjer å oppretta karakterar frå femteklasse i grunnskulen, men fjerna karakteren i sidemål i ungdomsskule og vidaregåande skule.

– Du har stor tru på at tiåringar lærer meir matematikk av å få karakterar, men du har ingen tru på at folk kan læra sidemål av å få karakterar. Dette handlar om kva høgre synst er viktig, utfordra Lysbakken.

– Dette handlar ikkje om karakterar. Me meiner at ein heller bør læra om det store mangfaldet av dialektar og få kulturforståing i staden for å terpa på det skriftlege. Eg er meir optimistisk på vegner av nynorsken, svarte Høgre-leiaren.

Solberg meiner at endringa i staden kan auka statusen til nynorsk.

– Me vil innføra nynorsktekstar frå tidleg i skuleløpet for dei som bur i Oslo-Vest og i Fana, svarte Solberg.

LES ÒG: Vil grunnlovsfesta nynorsken

Vil gje Høgre kamp

Saman med Framstegspartiet er Høgre det einaste partiet på Stortinget som går inn for å fjerna sidemålskarakteren. KrF-leiar Knut Arild Hareide er blant dei som åtvarar mot omlegginga.

– Her er eg ueinig med Høgre. Eg meiner ei slik endring vil skada nynorsken, seier Hareide, som òg deltok i vestlandsdebatten.

Krf-leiar Knut Arild Hareide håpar at han saman med Venstre skal greia å stoppa forslaget i eventuelle regjeringsforhandlingar.

– Målet mitt er at me og Venstre skal verta sterke nok til å hindra endringa, som går på tvers av det forskarane tilrår, seier Hareide.

Sist sidemålet stod i fare for å verta fjerna, var då undervisningsminister Kristin Clemet frå Høgre foreslo dette i 2004. Den gongen vart omlegginga stoppa av det såkalla sidemålsforliket mellom Arbeidarpartiet og regjeringspartia Høgre, Venstre og Kristeleg folkeparti i Stortinget.

SJÅ HEILE VESTLANDSDEBATTEN HER:

Se hele debatten fra Kvarteret i reprise her.

VESTLANDSDEBATT: Dei fire partileiarane frå Vestlandet og alle toppkandidatane frå Hordaland møttest til ein real vestlandsdebatt på Det akademiske kvarter i Bergen.