Hopp til innhold

Uroa over dårleg beredskap – møter kraftig motbør

Direktoratet for Samfunnstryggleik og beredskap (DSB) meiner mange kommunar ikkje vil kunne takle store katastrofar, fordi dei manglar godkjende beredskapsplanar.

Jan Geir Solheim

LOKALKUNNSKAP TRUMFAR PLANAR: Katastrofar som storbrannen i Lærdal viser at små kommunar kan takle store kriser, meiner ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, som seier beredskap handlar om meir enn berre papir i ein perm.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Kritikken møter kraftig motbør frå ordføraren i ein kommune som har fått fleire katastrofar tett på kroppen den siste tida.

– No er ikkje eg imot planar. Men beredskap er så mykje meir enn papir i ein perm, seier ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim.

Meiner lokalkunnskap er nøkkelen

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand, Sogn og Fjordane

TAKLAR KRISER: Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand meiner kommunane i fylket har bevist at dei evnar å takle store kriser.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Han er kritisk til at DSB let seg uroa over at to tredelar av kommunane ikkje har gode nok beredskapsplanar. Under storbrannen i Lærdal oppfylte heller ikkje deira beredskapsplan alle krava.

– Lokalkunnskap er vel så viktig når krisa inntreff, seier Solheim.

Også fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand reagerer på måten DSB argumenterer.

– Eg er veldig lite begeistra for ordet uroa, for det indikerer at innbyggjarar skal vere uroa for kommunen sin evne til å handtere kriser om dei skulle oppstå, seier han.

Meiner betre planar lettar krisehandtering

For sjølv om han meiner at god planlegging kan gjere kommunane betre til å takle krisar, har katastrofar som storbrannen i Lærdal vist at dei kan takle store hendingar utan å oppfylle alle krava på papiret.

– Sjølv om det er ein del slike manglar, har kommunane her i fylket vist at dei har ei veldig evne til å handtere hendingar når dei oppstår, seier Stensvand.

Per Brekke, avdelingsdirektør i DSB, meiner de nye krava som kom for fem år sidan ikkje er vanskelege oppnå.

– Eg trur at dei som har jobba seg gjennom denne tematikken før dei møter ei krise, uansett vil vere betre budde, seier han.