Hopp til innhold

"Damer og solnedgangar" for Drusar

– Det er kanskje meir solnedgangar enn damer, seier jølstringane i Drusar som luftar håret i ny musikkvideo på utradisjonelt musikkvis.

Drusar

FRISKT: DDE 'lånte' låten deira 'Damer og solnedgangar'. No lagar dei sjølve musikkvideo av låten.

Foto: Vegard Fimland

– Men eg har for så vidt dame, seier Jan Tore Befring.

– Eg og. Det har ordna seg, skrattler Håvard Erle i rockebandet Drusar.

Klassisk rockevideo med eit snev av tradisjon

Dei to jølstringane spelar fast i bandet Drusar frå Jølster, saman med Øyvind Heggheim og Trond Vilnes.

Drusar på Blest 2012

DRUSAR MED DAMER: Litt har endra seg etter at Drusar var med i 'The hit'. Det er meir damer.

Foto: Pressefoto / BRAK

Bandet var i fjor med i NRK-programmet «The hit» og nådde til finalen med melodien «Damer og solnedgangar», som då vart framført av DDE. No har dei laga video til låten. Ein tradisjonell rockevideo med eit hint av jølster-tradisjon.

– Vi har jølstraåkle-mønstra forsterkarar. Det har blitt signaturen vår. Ideen om å ha jølstraåklemønster på forsterkarane, var stardølingen og bandmedlem Øyvind Heggheim sin idé.

– På den måten skil vi oss litt ut og i og med vi syng på dialekt passar det veldig godt samstundes som det seier noko om kvar vi kjem frå, seier Befring.

– Men i videoen er vi i ein lakkverkstad, og der har vi tilgang på trykkluft og løftebukkar. Så i staden for vindmaskin når eg spelar solo så har vi blåsespiss som bles håret bakover. Så det er veldig tøft, småler Befring.

Mest fornøgde er bandet med avsluttinga på videoen.

– Den er skikkeleg «awsome» viss folk berre gidd å sjå heile, då tar det heilt av med røyk, seier dei to.

Målrock 2013 i Årdal

KONSERTAR: Drusar håpar på fleire festivaljobbar til sommaren. Her frå Målrock i 2013.

Foto: Siren B. Svortevik / NRK

«The hit»

For Drusar var det stort å få låten i programmet The hit. Men det tok ikkje av etter programmet for jølstrabandet.

– Vi kom til finalen, men så skjedde det ikkje så mykje meir, seier Befring.

Dei to understrekar at dei var svært godt fornøgde med DDE si tolking av låten.

Drusar med "Damer og solnedgangar"

SOLNEDGANGAR: Den nye singelen til Drusar heiter 'Damer og solnedgangar'.

Foto: Pressefoto

– Den er jo veldig lik den versjonen vi har. Litt mindre hissige gitarar og ned i tempo, seier Erle.

– Vi er begynt å bli vaksne karar og har utvikla oss. Vi er blitt litt rundare i kantane, også musikalsk. Vi har blitt litt «softare» med åra, seier Befring.

Bandet har planer om å lansere ein ny singel til våren og eit nytt album til hausten. No skal bandet rundt i heile landet på turné og håpar i tillegg på ein del festivaljobbar i sommar.