Drosjane får frakta, men ikkje henta pasientane på sjukehuset: – Heilt håplaust

HARALDSPLASS SYKEHUS (NRK): Distriktsdrosjar manglar avtalar og får ikkje lov å frakta passasjerane med seg tilbake. Synshemma Margun Vikane ville heller betala 3000 kroner av eiga lomme enn å droppa lokaltaxien.

Margun Vikane frå Norheimsund er synshemma og betalar for drosje til behandling på Haraldsplass

SYNSHEMMA: Margun Vikane har vore blind nesten heile livet og har i alle år blitt frakta til legetimar i Bergen med lokaldrosjen. No er avtalen gått ut, men Vikane nektar å reisa med andre selskap. – Då betalar eg heller sjølv.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Eg må stola, i ordets rette forstand, blindt på at sjåføren køyrer meg dit eg skal. Eg vil gjerne vita at eg kjem heim, og ikkje hamnar andre stader.

Margun Vikane frå Kvam i Hardanger har vore tilnærma blind heile livet. Trass førarhund og stokk, har ho vore avhengig av hjelp når ho skal gjera ærend.

Etter å ha vore gjennom kreftsjukdom, har det blitt mange turar mellom heimen i Norheimsund og sjukehusa i Bergen den siste tida.

Transporten har blitt ordna gjennom den offentlege pasientreiseordninga, som sikrar at sjuke pasientar kjem seg til timane.

Men no er pasientreiseavtalen sagt opp. Sidan 12. oktober har pasientar som Margun vore nøydde til å legga ut for transporten til sjukehuset.

– Dette har gjort kvardagen vanskelegare. Det er tungvint å be om betalt etterpå. Eg må mobilisere vener og kjente for å få søkt om refusjon sjølv, seier Vikane.

– Det er pyton og heilt bak mål slik det er no.

– Mykje tomkøyring

I sju veker har pasientane i tolv kommunar i Vestland sjølve bestilt og lagt ut. Avtalane gjer dei naturlegvis med sin lokale drosjeaktør, som køyrer pasienten til Bergen.

Men så blir det komplisert:

  • Pasientar som kjem til Bergen frå kommunar utan avtale, kan ikkje ta den same drosjen heim att.
  • Fordi Helse Bergen har avtalar her, pasientane køyrast heim med drosjeselskapa som har avtalen.
  • Det medfører at to drosjar køyrer tomturar for kvar pasient. Distriktsdrosjen køyrer tom heim etter å ha levert pasienten på sjukehus. Bytaxien køyrer tom tilbake til byen etter å ha køyrd pasienten heim.

– Det blir veldig mykje tomkøyring. Ofte er me knapt kome tilbake, før pasientane kjem heim att i ein annan drosje, seier Hallgeir Torpe, drosjeeigar i Hardanger Taxi.

Hallgeir Torpe, nestleder i Norges Taxiforbund i Hordaland

DROSJEEIGAR: Hallgeir Torpe er nestleiar i Noregs taxiforbund i Hordaland.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Må kjenne meg trygg

No har Vikane gått lei. Denne gongen har ho bedt drosjen frå Kvam om å venta.

Sidan Helse Bergen berre gir refusjon i tilfelle der dei manglar avtalar, risikerer ho å måtta betala dei drygt 3000 kronene turen frå Norheimsund til Bergen kostar.

– Eg føler meg trygg med dei eg kjenner i Hardanger Taxi. Eg føler ei usikkerheit i framande drosjar med framande sjåførar, som kanskje ikkje forstår mi dialekt. Språk er spesielt viktig når eg ikkje ser. Det handlar om mi tryggleik, seier Vikane.

Ho er aller mest redd for å bli køyrd feil.

Fleire tomturar

I kommunar som i 2019 ikkje hadde avtalar om pasientkøyring, utgjorde tomkøyring nesten halvparten av alle interkommunale turar. Det viser Helse Bergen sine eigne tal.

Sidan langt fleire kommunar i dag står utan slike avtalar, anslår Torpe at omfanget er langt større.

– Det er eit aukande tal, i alle fall. Me har ikkje noko heimel til å driva samkøyring når pasientane bestiller kvar for seg. Eg føler det er dårleg ressursutnytting når fleire drosjar reiser meir eller mindre i kortesje innanfor korte tidsrom, seier Torpe, som også er nestleiar i Noregs Taxiforbund i Hordaland

Hallgeir Torpe og Margun Vikane

TIME: Margun Vikane får hjelp av sjåfør Hallgeir Torpe til timen på Haraldsplass Diakonale Sykehus i Bergen.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Avtale kom i stand – slepp betala taxi

– Hovudregelen er at pasientar som er ferdigbehandla i Bergen reiser heim med eit taxiselskap Helse Bergen har avtale med, seier avdelingsleiar Ann-Mari Høiland i Helse Bergen.

Sjefen for pasientreisekontoret seier at selskapa i Bergen køyrer mange hundre pasientar og har god erfaring. Høiland peikar på at det strenge smittevernomsynet set store avgrensingar for samkøyring.

– Det er strenge restriksjonar knytt til avstand mellom pasient og sjåfør – og frå pasient til annan pasient i bil. Dette påverkar pasienttransportane våre, som det også gjer elles i landet under pandemien, seier Høiland.

På spørsmål om Vikane likevel får refundert utgiftene ho har hatt, oppgir Høiland at Helse Bergen nyleg har inngått ein avtale med Hardanger Taxi. Så lenge pasient og sjåfør er samde, kan pasienten legga ut og søka om refusjon – også for returreisa.

Dermed får Margun Vikane likevel refundert reisa. NRK får opplyst at avtalen kom i stand få dagar etter NRK sitt møte med Vikane.

Høiland legg til at ho er lei seg for at Helse Bergen framleis står utan avtaler med fleire distriktskommunar. Helse Bergen jobbar for å ha på plass avtalar i løpet av vinteren.

NRK presiserer:

Etter publisering har Helse Bergen gjort NRK merksam på at helseføretaket tidleg starta å inngå avtalar om returkøyring med drosjesentralane i distrikta. Allereie 26. oktober hadde føretaket inngått avtale om bruk av returreise for Gulen og Masfjorden. Etter at denne prøveordninga var evaluert, starta arbeidet med å inngå ein tilsvarande avtale med Hardanger taxi, opplyser Helse Bergen. Denne avtalen var, slik det kjem fram av saka, likevel ikkje inngått og formidla utad på det tidspunktet NRK møtte Vikane, som var 10. november. Oppstartsdato for avtalen med Hardanger taxi var 12. november. Ifølge drosjesentralen kom stadfestinga same dag. NRK presiserer at avtalen mellom Helse Bergen og Hardanger taxi kom i stand uavhengig av at NRK kontakta helseføretaket om problemstillinga. NRK har også endra den siste mellomtittelen i saka, for å understreka at Vikane slapp å betala for drosjen sjølv.