Hopp til innhold

Droppar Stortinget for storkommunen

Familien og framtida til Nordhordland vart avgjerande då Astrid Aarhus Byrknes (KrF) bestemte seg for å takka nei til forlenga stortingsliv.

Ordfører i Lindås Astrid Aarhus Byrknes

NEI TIL OSLO: – Hybellivet er bra for nokon, krevjande for andre. Det er krevjande for meg, seier Byrknes om tida i Oslo.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Den populære Lindås-ordføraren er vararepresentant for Knut Arild Hareide og har møtt i tre periodar medan han har vore i permisjon.

Frå før er òg veteranane Øyvind Halleraker (H) og Per Rune Henriksen (Ap) ute av nominasjonsdansen til neste års stortingsval. Tom Sverre Tomren har dessutan takka nei til å vera listetopp for De Grønne.

Eg er meir ein lokalpolitikar enn ein stortingspolitikar.

Astrid Aarhus Byrknes

– Enorm tillitserklæring

Viss KrF og Hareide blir del av neste regjering, kunne det ha vorte fast plass i Oslo for Byrknes. Tanken på det er ikkje forlokkande.

Ho har tenkt på å takka nei sidan kommunevalet i 2015.

– Partiet i Lindås fekk ei enorm oppslutning i fjor. Eg fekk veldig mange personrøyster, og det var ei stor tillitserklæring, seier Byrknes til NRK.

Byrknes skapt overskrifter då ho stilte på talarstolen i Stortinget i 2014 under ein debatt om aktiv dødshjelp. Delar av tala vart framført som song, noko som fekk fleire i salen på gråten.

Her synger Astrid Aarhus Byrknes i Stortinget

SJÅ VIDEO: Astrid Aarhus Byrknes med song på Stortinget i januar 2014.

No har Lindås, Meland og Radøy vedtatt å slå seg saman. Det er òg ein viktig grunn til at Byrknes vil jobba lokalt framfor nasjonalt.

– Eg er meir ein lokalpolitikar enn ein stortingspolitikar. Ein skal vera ærleg overfor seg sjølv. Og hybellivet er bra for nokon, krevjande for andre. Det er krevjande for meg, seier Byrknes.

Kan bli historisk

Familien har vore eit sakn under opphalda i Oslo, innrømmer ho.

– Det viktigaste for meg er å ta meg av mine i huset. Dei har heia på meg, det er ikkje dei som seier nei, presiserer no.

I januar 2020 skal storkommunen i Nordhordland vera på plass.

– Siktar du deg inn mot å verta den første ordføraren i storkommunen?

– Det tar eg ikkje stilling til no, seier Byrknes.

Knut Arild Hareide og Astrid Aarhus Byrknes

UT: Astrid Aarhus Byrknes og Knut Arild Hareide, KrF sine listetoppar til Stortinget frå Hordaland. No vil ikkje Byrknes meir.

Foto: Ingrid Hognaland / NRK