Hopp til innhold

Droppar søksmål mot Terra-toppar

Det varsla søksmålet mot dei tidlegare leiarane og meklare i Terra Securities blir lagt vekk.

Kåre Olav Svarstad, ordførar i Bremanger

Bremanger-ordførar Kåre Olav Svarstad har iikkje gitt opp håpet om å få pengane tilbake.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Meklarhuset slo seg sjølv konkurs i november 2007. Kommunane Vik og Bremanger har åleine tapt til saman over 300 millionar kroner på investeringar gjennom Terra Securities.

Sjølv om søksmålet mot toppfolka i meklarhuset blir skrinlagt, har ordførar i Bremanger, Kåre Olav Svarstad, framleis tru på å få tilbake pengane.

- Det håpet har vi sjølvsagt framleis. Bustyret og kommunane prøver på mange måtar å få tilbake mest mogeleg av det som er tapt.

- Det er brukt nær 50 millionar kroner til bubehandlinga. Kva tykkjer du om det?

- Det viser at det er ei komplisert sak som har mange forgreiningar og at det er mykje som må undersøkjast. Dette kostar pengar.

Ordførar i Vik, Marta Finden Halset, ønskjer ikkje å kommentere saka.