Hopp til innhold

Droppa ut av skulen og blei lærling hos seg sjølv: – Me treng fleire som Bernt

HALSNØY (NRK): Bernt Mehammer Tofte (18) var skulelei etter første året på vidaregåande, men fann sin eigen måte å ta fagbrev på. No får han skryt av Opplæringskontoret.

Bernt Mehammer Tofte

KJØPTE SAU OG STARTA BEDRIFT: Som 15-åring kjøpte han sau for konfirmasjonspengane. No er han lærling i sin eigen bedrift.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Ein som ikkje er flink på skulen, kan vera flinkare til å jobba enn ein som er skuleflink. Det burde vore meir fokus på andre måtar å ta fagbrev på, seier 18-åringen frå Sæbøvik på Halsnøy i Sunnhordland

No er han lærling i eiga verksemd Sau & Sånt AS, som han starta i 2018. Han får hjelp av ei lokal verksemd med det faglege ansvaret i læretida. Eksamen i teorifaga tek han som privatist.

– Ikkje like enkelt for alle

Bernt har no under eitt år igjen som lærling før han etter planen får fagbrev.

Han meiner det må bli lettare for andre å gjera som han og at det er for lite kjent at det går an å ta utdanning på andre måtar. 18-åringen kjenner fleire andre som er skuleleie, men som ikkje får same sjansen.

– Eg veit om fleire som har prøvd på det same som meg, men det er ikkje like enkelt for alle.

NRK møtte Bernt også då han som 15-åring kjøpte sauer for konfirmasjonspengane sine.

Det var avisa Kvinnheringen som først skreiv om korleis Tofte no tek fagbrev som anleggsmaskinførar.

Bernt Mehammer Tofte i floren på Halsnøy

BONDE: 18-åringen kjøpte sauer for konfirmasjonspengane. – Det har vore ei god investering, seier han.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Fleire droppar ut etter første skuleår

Normalt går elevane to år på skule og to år i lære for å ta fagbrev. Det er likevel mogleg å søkja seg ut i lære etter berre eitt år på skulen.

Eit fleirtal av lærlingane som er knytte til Opplæringskontoret for anleggs- og bergfaga i Hordaland og Nord-Rogaland gjer nettopp det.

– Det blir stadig fleire. Rundt 60 prosent av våre lærlingar går no eit 1+3-løp, seier dagleg leiar Geir Boge.

Han støttar valet som Bernt Mehammer Tofte tok då han gjekk lei av skulen.

– I skulemiljøa ser me teikn på at fleire og fleire ikkje passar inn i dei A4-rammene det er lagt opp til.

Han meiner blant anna at rådgivarane på skulane må bli flinkare til å rettleia skuletrøytte ungdomar.

Sau og Sånt AS på Halsnøy

SAU OG SÅNT: Verksemda tek mange oppdrag. Det er nok å gjera, ifølgje eigar Bernt Mehammer Tofte.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Behovet for fagarbeidarar veks

Noreg kjem til å mangla folk med yrkesfagleg bakgrunn frå vidaregåande i åra som kjem, viser ein ny rapport frå Statistisk sentralbyrå.

Kompetansebarometeret til NHO viser at tre av ti verksemder innan bygg og anlegg ikkje får tak i dei lærlingane dei har behov for.

Vestland fylke meiner dei har nok skuleplassar, men er einig i at behovet for fagarbeidarar er stort.

– Me treng fleire. Det er viktig å finna fleksible løysingar som gagnar både elevane og verksemdene, seier assisterande fylkesdirektør for opplæring i Vestland, Bekka Skaasheim.

Ho seier det no blir gjennomført digitale møte med alle rådgivarane på ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane.

– Me må ha fleire som Bernt

Både fylket og opplæringskontoret er samde i at det trengst fleire som Bernt framover.

– Sånne som han, klarer seg veldig godt framover. Dei er som gullpakkar til bransjen. Men det må mykje pågangsmot til, og mange ungdomar treng meir rådgiving og støtte, seier Geir Boge.