Hopp til innhold

Dronninga rørt til tårer av UWC-elevane

FLEKKE I FJALER (NRK): Dronning Sonja stod med gråtkvalt stemme framfor dei 200 elevane på United World College i Fjaler torsdag kveld. – De gjev meg håp for framtida, sa dronninga etter sitt tiande besøk på den internasjonale skulen.

Dronning Sonja fekk overrekt ei forseinka bursdagsgåve frå elevane på UWC

RØRT: Dronning Sonja vart først rørt til tårer etter dei kulturelle innslaga på scena. Då ho takka for framsyninga, fekk ho ei ny overrasking då ho fekk overrekt ei forseinka bursdagsgåve. Her saman med elevrådsrepresentant Vicky Aposolou.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Kvar gong eg kjem hit får eg ny inspirasjon. Eg veit at de vil reise tilbake dit de kom frå, og at de vil vere gode representantar for landa dykkar, sa dronning Sonja med adresse til dei 200 elevane frå 98 land.

Den internasjonale skulen i Flekke har fleire gonger blitt kalla eit av dronning Sonja sine hjartebarn. Sidan skulen starta opp for 22 år sidan, har dronninga vore der ei rekkje gonger.

Årets besøk blir det tiande i rekka, og elevane ved skulen gjorde også i år sterkt inntrykk på dronninga som er skulen sin høge beskyttar.

– Dette set seg i hjartet mitt, sa dronninga til elevane på slutten av besøket.

Dronning Sonja kjem ut av jordgamma på UWC i Fjaler
Foto: Oddmund Haugen / NRK

Tettpakka program

Dronninga kom til UWC i Fjaler torsdag morgon, og hadde fullt program gjennom dagen. Blant programpostane har vore omvising, kunstutstilling med verk av elevane og historier frå barn og unge som er på rehabilitering på Hauglandsenteret. Ho fekk også høyre om prosjektet Trimigrering frå elevar på Flora vidaregåande.

På kvelden var det festkveld med matopplevingar frå heile verda. For første gong er maten laga av elevane sjølve, der dei har bidrege med spesialitetar frå sine heimland.

Kvelden vart avslutta med ein avslutningskonsert, der elevane fekk vise fram musikalske og kunstneriske innslag. Korsong, dikt, dans og musikk framført på ei rekkje instrument imponerte dronninga.

– Tusen, tusen takk

Då dronning Sonja gjekk på scena etter konserten var ho tydeleg rørt. Med gråten i stemma fortalde ho elevane kor mykje inntrykk dei gjer på ho.

– Tusen, tusen takk for ein veldig flott dag. De er talentfulle, alle saman. Eg håpar framtida blir bra for dykk og for oss.

– Utdanning er det viktigaste

Ingebjørg Flyum Bjørlo frå Nordfjordeid er ein av dei norske elevane på skulen. Ho var med i koret som song for dronninga.

– Det var veldig gøy. Ho sat berre halvannan meter unna, med ein mann i uniform som passa på. Så det var veldig formelt.

I talen sin trekte dronninga fram stikkorda inkludering, likestilling og utdanning som viktige pilarar for skulen. Flyum Bjørlo seier skulen har lært ho mykje om dette.

– Eg håpar å få ei betre internasjonal forståing, og eg har allereie lært mykje om andre land.

– Utdanning er det viktigaste vi kan gje til dykk unge menneske, sa dronninga frå scena til jubel og applaus frå elevane.