Hopp til innhold

Her kan folk kjøpe dronning Sonja sin kunst i sommar

Det vesle kunstgalleriet i Nordfjord har fått dronning Sonja sine eigne kunstverk til sals.

Dronning Sonja stiller ut kunst i Måløy

I MÅLØY: Dronninga er på Vestlandet, og i dag stoppa kongeskipet i Måløy. Dette var eit privat besøk, medan andre delar av reisa har vore offisiell.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Dronning Sonja viser smilande rundt blant 56 av hennar eigne utvalde kunstverk i galleriet Den blå hesten i Måløy.

– Lokalet har blitt så fint pussa opp. Det er så lyst og flott her, både tak og vegger, seier ho.

Kongeparet var førre veke på tredagars offisiell tur i Flåm, Hyllestad og Florø. Turen var den første offisielle reisa etter at koronapandemien ramma Noreg. I dag var ho i Måløy i privat regi.

Private avstikkarar har også Kongen hatt, i Sogn var han innom Lærdalselva for å fiske denne veka.

Kongeparet skal også ut på ny tur med kongeskipet, men vil vente med å seie kor, sjølv om det neppe blir altfor anonymt når det berømte fartøyet seglar langs kysten.

I fjor gjorde dei som mange andre her til lands, og la ferieturen til Lofoten.

Ein ven gjekk god for Måløy

Det er Måløy kunstlag som inviterte ho til Nordfjord. Søndag opna salsutstillinga hennar, der dronninga har både bilete og keramikk.

– Eg fekk ein invitasjon, og så har eg ein god venn som gjekk god for dette. Det har vore veldig hyggeleg å komme hit.

Dronninga stiller ut både grafisk kunst og keramikk.

Merethe Christiansen, leiar i Måløy Kunstlag

KERAMIKK: Leiar i Måløy kunstlag Merethe Christiansen er stolt over å få vise fram Dronning Sonja sin kunst.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Prisane varierer frå 3900 kroner og opp til 88 000 kroner for ei diger krukke.

Overskotet går til The Queen Sonja Print Award, som er ein internasjonal grafikkpris som ho deler ut annakvart år.

– Det er for å skape interesse og kunnskap om grafikk. Det gir så mykje, for det er så mange teknikkar, så mykje som ein kan hente og bli inspirert av.

Selde for 250 000 på få timar

På få timar gjekk det unna 18 kunstverk til ein verdi av 250 000 kroner, seier Laila Schult i Måløy kunstlag.

– Det var ein ide eg fekk om at vi skulle invitere ho, det var ingen som trudde ho ville kome, men vi sende eit brev, smiler Schult.

Grafikk av Dronning Sonja

GRAFIKK: Dronning Sonja ynskjer å bygge opp eit fond, som skal vere ein internasjonal pris i hennar namn. Inntektene frå salet går til dette.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Leitar litt ekstra etter menneska bak

Folk i Nordfjord stod i kø for å få sleppe inn i galleriet. Blant dei var Kjersti og Oda Margrethe Jekteberg Norpoll.

Dei fann fleire favorittar inne i galleriet.

– Det er kanskje litt spesielt at det er dronninga som vi alle har eit bilete av som stiller ut, ein leitar kanskje litt etter eit inntrykk av kvinna i kunsten hennar, seier Kjersti Norpoll.

Kjersti Jekteberg Nordpoll og Oda Margrethe Jekteberg Nordpoll

INTERESSERTE: Kjersti Jegteberg Norpoll (t.v.) og Oda Margrethe Jekteberg Norpoll

Foto: Harald Kolseth / NRK

Dronninga er lidenskapeleg oppteken av kunst, både som kunstsamlar og som utøvande kunstnar. Ho har tidlegare snakka om stempelet som amatørkunstnar.

Ho seier det tek tid sjå kva ein maktar og å byggje opp sjølvtillit.

– Det tek mange år. Eg har vore heldig og har hatt gode mentorar. Det har hjelpt meg til å få tru på at det eg lagar, kan visast fram.

Inspirasjonen til kunsten får ho mellom anna vest i Noreg, fortel ho.

– Det er naturen. Det er mange tre, det er fjell og det er snø.

Keramikk Dronning Sonja

KUNST: Dronninga stiller ut til saman 56 kunstverk i Måløy.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Stiller gjerne ut meir kunst

Dronninga tykkjer det er fint å få vist fram kunsten sin rundt om i landet.

– Det er fint med kunstlag og foreiningar som blir drivne på frivillig basis. Det må støttast og så tykkjer eg det er hyggeleg å komme til små stader.

.– Kjem du tilbake til Sogn og Fjordane med kunst?

– Ja, viss nokon spør meg så gjer eg gjerne det.

IKKJE SÅRA: Dronning Sonja har tidlegare snakka ut om den lidenskaplege interessa for kunst og kritikken mot sine eigne kunstverk.