Hopp til innhold

Dronninga: – Bresmeltinga er urovekkande

Dronninga feira Norsk bremuseum i Fjærland i Sogn, men fryktar for at breane er i ferd med å forsvinne.

Dronning Sonja

ENGASJERT: Ei opplagt dronning var tydeleg engasjert om Norsk bremuseum i Fjærland.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

CO₂ i atmosfæren
421 ppm
1,5-gradersmålet
+1.01°C
Les mer  om klima

– Det er jo sjølvsagt urovekkande, seier Dronning Sonja.

Dronninga har fleire gonger synt kor begeistra ho er for norsk fjellnatur.

Då ho og Kongen feira sølvbryllaupet i 1993 var Briksdalsbreen, ein monumental brearm til Jostedalsbreen, staden dei stolte tok med seg kongelege frå heile Europa.

No er det berre restar att.

– Eg såg bilete frå Briksdalsbreen i dag og fekk sjå det vesle som er att, det vekker bekymring, seier ho.

Briksdalsbreen Juli 2019

LITEN: Briksdalsbreen har minka og minka dei siste 30 åra.

Foto: Andreas Nesje

Feira jubileum

For 31 år sidan opna Dronninga Norsk bremuseum i Fjærland. 30-årsjubileet skulle eigentleg markerast i fjor, det sette pandemien ein stoppar for.

Dronninga, som er kjent for sin kjærleik til norsk natur, har følgt senteret ved Noregs største isbre tett. Både på offisielle besøk, og som privatperson.

– Eg er heldig som får vere her. Alt saman her på senteret blir berre betre og betre, sa Dronning Sonja i dag.

Dronninga i Fjærland

FEST: Hundrevis av menneske i Fjærland i Sogn tok mot Dronning Sonja i det flotte vêret.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Legg vekt på klimaendringane

Senteret har vore ein braksuksess sidan opninga for 31 år sidan.

Dei seinare åra har klimaendringane blitt viktig for Norsk bremuseum å opplyse om og formidle, seier direktør Anne Mundal Skjelten.

– Vi legg vekt på å utvikle oss, og alltid vere interessante for besøkande. Breane er ein veldig synleg klimaindikator. Derfor har vi ei dedikert klimautstilling.

Det særeigne senteret, teikna av stjernearkitekt Sverre Fehn, ligg plassert tett inntil Jostedalsbreen.

Herfrå kan ein med sjølvsyn sjå at isbreane er i ferd med å forsvinne.

Bøyabreen, Fjærland

BØYABREEN: Brearmen til Jostedalsbreen ruvar i dalen der Norsk bremuseum held til, men om nokre år kan den bli vanskeleg å få auge på.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Styreleiar ved Norsk bremuseum er professor og klimaforskar Atle Nesje, han stadfestar at det er ganske dystre utsikter for breane våre i åra som kjem.

På 90-talet vaks breane kraftig, men rundt år 2000 fekk vi høgare temperaturar om sommaren, og lite nedbør om vinteren.

– Sidan tusenårsskiftet har alle brearmane kring Jostedalsbreen smelta med fleire hundre meter. Vi ser dette i heile Noreg og i verda at breane er i tilbakegong.

– Viktig arbeid

Dronning Sonja meiner kunnskapen senteret samlar inn og formidlar er særs verdifull.

– Arbeidet med å avdekke breane sine hemmelegheiter er viktig for framtida. Senteret er truleg eit av dei beste i verda.

Ho finn trøyst i at for 8000 år tilbake, så var breane i Noreg i praksis vekke. Før dei kom tilbake for 6000 år sidan.

– Tenk på det, ting kan kome tilbake.

Jubileum Norsk bremuseum i Fjærland

MIDT I NATUREN: Folk hadde samla seg for å sjå Dronninga og markere Norsk bremuseum.

Foto: Torje Bjellaas / NRK