Hopp til innhold

Dronninga begeistra over at Astrup sin heim har blitt rusta opp

Dronning Sonja er i dag på Astruptunet i Jølster i Sunnfjord kommune.

Dronninga skal nyopne kunstnarheimen Astruptunet, som var heimen til den store kunstnaren Nikolai Astrup.

Heimen er restaurert slik at den er nærast mogleg slik det var der då han levde der.

Dronninga sa sjølv at ho syntest hagen var stussleg og litt skuffande då ho såg den før restaureringa, og at den ikkje hadde levd opp til forventingane ut frå Astrup sin kunst. Ho påpeika at det ikkje ein gong fanst rabarbra.

No gratulerer ho med eit «skinande comeback».

– Astrup var i kunsten sin, i staden sin, i naturen kring seg. Her er vi no, og gler oss over at hagen og husa skin av glede og stoltheit. Nikolai Astrup har kome oss nærare. Gratulerer med eit skinande comeback for Astruptunet, sa den begeistra og kunstinteresserte dronninga.

Dronninga fortalde også i opningstalen sin om møtet med ein anerkjent europeisk kurator som set Astrup framfor nokre av dei største kunstnarnamna i verdshistoria.

Arbeidet har teke fire år, og kosta 46 millionar kroner. Sparebankstiftinga DNB og Sunnfjord kommune har bidratt med pengar.

Vêret er nydeleg, og det har møtt opp mykje folk for å feire storhendinga langs Jølstravatnet. Dei varme orda frå Dronninga vart møtt med jubel og stor applaus.

Dronning Sonja nyopnar Astruptunet
Foto: Håvard Nyhus / NRK