– Det er særdeles kjekt. Vi har hatt ein aktiv dialog inn mot slottet og kongefamilien lenge, seier ordførar Stein Robert Osdal.
I 1068 vart Selje hovudsete for eitt av fem bispedøme som då vart oppretta. Selja bispedøme hadde sitt sete på øya Selje fram til 1170 då bispedømet vart flytta til Bergen.
- Les også:
950 år kyrkjehistorie
Selje kommune og den norske kyrkja har hatt ønske om å markere 950-årsjubileum på ein høveleg måte sommaren 2018, og ordføraren tykkjer difor det er svært gledeleg at H.M Dronning Sonja besøker Selje denne dagen.
STOLT ORDFØRAR: Stein Robert Osdal (KrF) er ordførar i Selje
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK–Det er eit stort jubileum til sommaren og vi ser verkeleg fram til at Dronninga kjem på besøk 8. juli, seier Osdal.
- Les også:
Seljumannamessa
Jubileumsfeiringa vil finne stad i samband med den tradisjonelle Seljumannamessa som vert arrangert kvart år på Seljeøya den næraste søndagen til 8. Juli.
– Vi har tidlegare hatt gleda av å ha kronprinsparet på besøk i Hoddevika, og vi ser kor mykje det gjer for innbyggarane og for folket rundt. Når dronninga kjem den 8. juli så betyr det mykje for innbyggarane i Selje og kommunen som heilskap, seier Osdal.
Selje kommune og komiteen for Seljumannamessa vil legge opp til eit variert program i tillegg til den tradisjonelle gudstenesta på klosterøya. Det endelege programmet for dronningbesøket er ikkje klart, og vert kunngjort på eit seinare tidspunkt.