Hopp til innhold

Fanga denne ruggen på 267 kilo – med stong

– Det var ei heilt uverkeleg oppleving, seier sportsfiskar Endre Hopland.

Endre Hopland, Magnar Ulvatn og John Ivar Askevold

GODT FORNØGDE: Endre Hopen (f.v.), Magnar Ulvatn og John Ivar Askevold har aldri før fått større fisk på kroken. – Det største eg har opplevd som sportsfiskar på båt, seier Askevold.

Foto: Endre Hopland / Seeberg

Det er nesten som å leite etter den berømte nåla i høystakken. Men dei tre karane klarte det nesten umogelege. Makrellstørja har vore nesten utrydda, og slett ikkje enkel å fange, sjølv for erfarne fiskarar.

– Eg sveiva den inn. Det var himla tungt, seier sportsfiskar John Ivar Askevold til avisa Firda som først omtalte hendinga.

Kjempa i nesten ein halvtime

Og tung var den, makrellstørja. 267,5 kilo, 2,5 meter lang og 1,82 meter rundt midja. Noregsrekorden for stongfiske av makrellstørje er 297 kilo.

Fisken høyrer heime i makrellfamilien, og vert ofte kalla tunfisk. Etter mange års fråvær frå norskekysten er no bestanden på veg opp att.

Kameratane fiska med stong frå båten utanfor Askvoll i Sogn og Fjordane, då det hogg kraftig i snøret på stonga som dei dorga med.

Sjå video lenger nede i saka.

– Då gjekk det ut 400 meter med snøre på direkten utan at vi kunne gjere noko som helst. Då var showet i gang. Då hadde vi ein 24 minuttar lang kamp med fisken, før den var oppe og sikra, fortel Endre Hopland til NRK.

Dei to karane er saman med Magnar Ulvatn og Cato Tangen del av eit forskingsteam som har fått spesialløyve til å drive stongfiske etter makrellstørje.

John Ivar Askevold

STOR: 267,5 kilo tung makrellstørje.

Foto: Endre Hopland / Seeberg

– Eg kjenner det i låra

Den erfarne sportsfiskaren fortel at spenninga var stor då det beit. Videoen dei har delt med NRK syner ein hard og tung kamp mot den kjempedigre fisken. Rå muskelkraft, ei til tider rimeleg bøygd fiskestong og mange bannord pregar den ville kampen.

– Det er ikkje akkurat som å pilke torsk dette. Det er tungt, eg kjenner det i låra, seier Askevold til kameraten medan han sveivar inn snøret med rå makt.

I det størja kjem til overflata og Hopland får sikra den med ein stor krok, bryt jubelen laus.

– Fy f ... for eit vakkert syn, kjem det spontant frå karane.

– Det største eg har opplevd som sportsfiskar på båt, seier John Ivar Askevold.

– Det største eg har opplevd som sportsfiskar på båt, seier John Ivar Askevold.

Slitne og lykkelege

– Utruleg spennande. Hadde det ikkje vore for adrenalinet hadde det ikkje vore fysisk mogleg å få den på land. Eg kjenner eg er sliten, men lykkeleg, seier Askevold til lokalavisa medan karane er på veg til Florø for å levere fangsten.

Hopland seier til NRK at dette er det største han som sportsfiskar har vore med på. Ifølgje kompisen Askevold har dei slått den personlege rekorden med minst 240 kilo.

– Alle om bord fiskar heile tida, og vi har fiska heile livet. Vi har fått masse fisk, men ingenting kan måle seg med dette, seier Hopland.

Fisken skal Havforskingsinstituttet forske på, men dei reknar likevel å sitje igjen med ein god fiskemåltid kvar.

– Får vi fleire skal vi ta dei inn til båten, merke dei og sette dei ut igjen.