Hopp til innhold

Sleggekastar imponerer i vektløfting

Trude Raad (21) er eigentleg sleggekastar, men imponerte stort då ho tok sølv under NM i vektløfting i Naustdal.

Trude Raad under NM i vektløfting

LØFTAR TUNGT: Trude Raad er sleggekastar, men også eit talent innan vektløfting.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Trude hadde vore ein heit OL-kandidat i 2016 viss ho hadde satsa på vektløfting, seier Gunnar Reiakvam.

Han er trenar for Tambarskjelvar IL i Naustdal, som Trude Raad konkurrerer for når ho løfter vekter. Bak seg har Raad ei rekkje bragder innan øvingane slegge-, diskos- og kulekast, med slegge som spesialfelt.

Kunne ha vore i europatoppen

Reiakvam meiner Raad kunne ha blitt blant dei tre beste i Europa dersom ho hadde prioritert å løfte vekter framfor sleggekast.

Gunnar Reiakvam

HAR STOR TRU: Gunnar Reiakvam

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Men det er klart at ein må drive med det som ligg hjartet nærast. Det er uansett veldig kjekt at ho ordnar litt medaljar for oss, smiler Reiakvam.

Sette norsk sleggerekord

Raad tevlar vanlegvis for Gloppen Friidrettslag, og har elles ordna fleire medaljar det siste året. I fjor tok ho gull i slegge både i junior-NM og i den nordiske meisterskapen i friidrett, og sølv i slegge og kulestøyt under friidretts-NM på Byrkjelo.

Ho kom på tiande plass i U23-EM i Tsjekkia. Der sette ho også norsk rekord i sleggekast.

Satsar ikkje alt på hobbyen

Så langt har Raad hatt vektløfting som hobby. Likevel varmar det at folk har tru på henne internasjonalt viss ho vel å satse.

– Det er svært hyggeleg å høyre, men det er nok slegge som har førsteprioritet hos meg, seier ho.

Vektløfting er ein god nummer to

Trude Raad

RAAD I SITT ESS: Som sleggekastar

Foto: Thore-Erik Thoresen / NFIF

Sjølv om ho har sett ny personleg rekord og teke andreplassen på heimebane under NM i Naustdal, er det lysta som avgjer satsinga vidare.

– Det er rett og slett meir moro med slegge, så eg kjem nok ikkje til å slutte med det for å løfte vekter. Men vektløfting er ein god nummer to, seier Raad.

Likevel vedgår sleggekastaren at gull i vektløfting nok ville ha gjeve meirsmak.

– Ja, det skal du ikkje sjå bort i frå, ler ho.