Driv ekstremsport gjennom sorga

I sommar mista ho kjærasten sin i ei fallulukke. No skal ho utfordre naturkreftene i Antarktis. Sjå TV-saka frå førebuingane.

Video Sognejente padlar i Antarktis

SJÅ TV-SAKA: Sigrid Henjum skal padle i Antarktis.

Sigrid Henjum har teke fleire sjansar enn dei fleste av oss. Ho har også opplevd at det ikkje alltid går bra. I juni omkom kjærasten Arne Moe frå Jostedal i ei klatreulukke i Møre og Romsdal.

Bestemte seg for å bli glad

Men for jenta som flytta til Jostedalen for å leve ut draumane sine, var det ikkje eit alternativ å stoppe opp.

– Eg bestemte meg for å bli glad igjen. Eg ville ikkje grine resten av livet.

Uroa for dei heime

No skal ho saman med to andre utfordre naturkreftene. Dei set kursen mot Sydpolen og Sør-Georgia. Ingen nordmenn har klart padleturen rundt øya før dei.

Ho er mest uroa for dei som sit heime og ventar.

– Foreldra mine er redde for meg, men eg skal komme heim att. Eg veit korleis det er å miste den ein er glad i, seier ho