Hopp til innhold

Dreg tungt og langt for å oppleve dette

OLAVSBU I LUSTER (NRK): Som alle andre stader kjem det også nye trendar og nytt utstyr inn i fjellheimen. Nokre vel å dra tungt for å ha det gøy på fjellet.

Kiting i Jotunheimen

KOSAR SEG i SNØEN: Med ein kite blir ein dregen fort avgarde bortover snøen.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Bjørn Helge Rønning

PÅ PÅSKETUR: Bjørn Helge Rønning nyt fjell, snø og kiting i påska.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

På den sjølvbetjente DNT-hytta Olavsbu i Luster har Bjørn Helge Rønning og Erlend Vasstveit funne seg vel til rette – etter ein del slit på turen dit.

For dei har med seg litt anna utstyr enn den vanlege skigåaren. Bjørn Helge Rønning har stive plastsko, sele med karabinar og ein kite – som er ein slags drage. Med den blir kitarane dregne av garde medan dei står på ski eller snøbrett.

Rønning seier dei dreg med seg dette utstyret fordi det er det som fristar mest.

– Vi må ville ha litt vondt, men det er mest gøy. Det er dette som fristar, når det er kaldt ute.

– Korleis klarte de å få med alt utstyret inn på fjellet. Det er jo ei mil å gå?

– Det var blod, sveitte og tårer. Vi visste kvar vi skulle og det var berre å slite det inn, ler han og legg til at dei brukte pulk.

– Kvifor er de fleire dagar på Olavsbu for å kite eller gå toppturar?

– Vi hadde ikkje nokon plan då vi kom. Vi skulle berre inn på fjellet og så møtte vi ein gjeng på veg hit.

Ingvill Ydse
Foto: Terje Gilleshammer / NRK
Erlend Vasstveit

FØRSTE GONG: Erlend Vasstveit prøvde kiting for første gong, noko som gav meirsmak.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Erlend Vasstveit har valt å på snowboard-sko. Han har nemleg eit snøbrett han kan dele i to. Slik kan han gå på det, før han set det saman og står på brettet ned att.

Men no har han også fått smaken på kiting etter å ha prøvd det for første gong.

– Det var ei skremmande god kjensle å handtere ein kite i denne vinden. Det fall i smak, så eg kjem garantert til å prøve dette meir. Det er heilt topp å bli dregen innover og sleppe transportetappen. Det er fantastisk.

Han likar å komme seg inn i fjellheimen med litt meir avansert utstyr enn langrennsski.

– Etterpå får eg ein velfortent og god nedkøyring. Det er difor eg dreg inn på snowboard.

– Men det er jo tungt utstyr å dra med seg?

– Det er ein del av sjarmen og du psykar deg opp eit par dagar før. Vi drog inn ein 50 kilo tung pulk. Oppi der var det også mykje god mat, for dette er ei sjølvbetjent hytte. No skal eg lene meg tilbake med ein god kopp kaffi, ler han.

Olavsbu i Jotunheimen

OLAVSBU: Den sjølvbetjente DNT-hytta litt 1440 meter over havet.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK
Olavsbu