Hopp til innhold

Draumetomta til Andre gror att – no kan regjeringa hjelpe han

BULANDET (NRK): Øysamfunn jublar over at regjeringa vil gjere det lettare å byggje i strandsona. MDG kallar forslaget ein skandale.

Andre Hillersøy

VIL BYGGJE HUS: Andre Hillersøy vil byggje seg hus her på denne tomta i Bulandet.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Eg vart veldig glad då eg høyrde om forslaget, for dette vil jo kunne bety veldig mykje for oss her ute, seier Andre Hillersøy.

Han har akkurat fått avslag på søknaden om å få byggje hus på det han kallar draumetomta.

Fylkesmannen ville ikkje opne opp for eit hus så nære sjøen, og dermed ligg tomta framleis brakk, og planane om havutsikt frå kjøkenglaset let vente på seg.

Men no har Hillersøy og sambygdingane fått med seg at regjeringa ønskjer å gjere det lettare å byggje i strandsona.

Vi er i Bulandet i Sunnfjord, så langt vest som det bur folk her i landet.

Saman med naboøya Værlandet, utgjer øysamfunnet eit lokalmiljø på kring fem hundre menneske. Dei siste åra har det vore ei tilstrøyming av barnefamiliar, og ein god vekst i talet på arbeidsplassar.

Likevel har dei ikkje vorte bygd eit nytt hus på ti år.

Det er nærast umogleg å byggje seg eit nytt hus, seier Hillersøy.

I Noreg er det nemleg totalforbod mot byggjing i strandsona, og Bulandet er så lite at nesten heile øya er for «strandsone» å rekne.

Bulandet

ØYSAMFUNN: Det er svært mykje strandsone i Bulandet.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Enklare i grisgrendte strok

Forslaget til regjeringa går ut på å dele landet inn i tre soner, alt etter kor stort presset på å byggje langs sjøen er.

I Oslofjorden og på det sentrale Sørlandet vil det framleis vere like strengt som i dag, men i grisgrendte strok langs kysten, kan det bli mykje enklare.

– Vi vil opne opp for at det kan bli meir aktivitet i strandsona i område med lite press, dersom kommunane lagar heilskaplege planar for korleis det skal gjerast, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H).

Fram til oktober er framlegget ute på høyring, men for å bli vedteke er det avhengig av å få med seg eit fleirtal på Stortinget.

Andre Hillersøy

HEIMFLYTTAR: Andre Hillersøy har budd i Bergen, men flytta heim til Bulandet saman med sambuar og unge.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

MDG: – Eg vil også ha hus ved havet

– Det er eit veldig dårleg forslag, for det er allereie for enkelt å byggje i strandsona, seier stortingsvara frå Oslo MDG Hulda Holtvedt.

Ho meiner at forslaget til regjeringa vil føre til auka privatisering langs sjøen, og at det blir vanskelegare for folk flest å nytte seg av strandsona.

– Eg vil også gjerne ha eit stort hus ved havet, det vil vel alle. Problemet er at det går utover alle andre sin rett til å ferdast i strandsona. Det er veldig viktig å ta vare på den retten, og det er ikkje berre dei som har god råd som skal få tilgang til strendene langs kysten vår, seier Holtvedt.

Det avviser Hillersøy. Han trur det er meir enn nok strandsone for alle i Bulandet.

– Folk er frustrerte over forbodet, for vi har jo meir enn nok strandsone. Det er ikkje noko pressområde dette, og det hadde ikkje vore noko problem i det heile om det vart opna opp for meir byggjing her, seier Hillersøy.

hulda

KRITISK: Hulda Holtvedt i MDG vil ikkje opne opp for meir byggjing i strandsona.

Foto: Dan Henrik Klausen / NRK