Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.
Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.
– Det vil vise seg no etter jul korleis rutinane har fungert, seier Camilla Sylling Clausen.
Ho er sjef for organisasjonen Norske alpinanlegg og fjelldestinasjonar, som blant anna driv nettstaden fnugg.no.
Gjennom jula har mange tatt turen til fjells eller ut i skogen for å ta årets første skiturar. Men reglane der er like klare som elles i samfunnet.
I skiheisane og heiskøane gjeld kravet om ein meter avstand til dei ein ikkje er nærkontakt eller i familie med.
Clausen meiner at dei som styrer med anlegg og løyper tar dette på høgste alvor.
– Vi jobbar ikkje med dersom det kjem smitte, men når det kjem smitte. Då gjeld det å ha dei rutinane så gode at ein kan avgrense den smitten med ein gang den er oppdaga, slår ho fast.
Særleg i fjellområda i Sør-Noreg blir det rapportert om gode forhold for skiturar, anten ein vil på topptur eller skøyte seg inn i skogen.
VIL PÅ TUR: Liam Alexander Steen-Hansen (t.v.) og Ulrik Steen-Hansen koste seg på ski i Vestmarka i Oslo i dag.
Foto: Jon P. Petrusson / NRKMange ute på tur
I Vestmarka i Oslo møtte NRK i dag fleire som la ut på tur i nypreparerte langrennsløyper.
Blant dei var brørne Liam Alexander Steen-Hansen (7) og Ulrik Steen-Hansen (9).
– Det beste turen var nedoverbakkane, det gjekk fort. Vi gjekk sånn passe langt, fortel dei to brørne.
Til liks med mange andre likar dei at det er masse snø om vinteren, og alt ligg godt til rette for alle som vil ut i nyttårshelga.
På vestsida av langfjella melder blant anna Myrkdalen og Sogndalsdalen om at fleire av skiheisane er i gang.
– No håpar vi på litt kulde framover slik at vi får produsert litt ekstra. Oppe i høgda er det kjempefint, seier Myrkdalen-sjef Kaia Finne.
I Sogndal fortel dagleg leiar Per Odd Grevsnes at mange har strøyma til no i jula, sjølv om den nedste av heisane framleis ikkje har opna.
PREPPAR PÅ: Tysdag kveld var mannskap i gang med preparering og klargjering av bakkane i Sogndalsdalen.
Foto: Per Odd GrevsnesIngen afterski
Men for dei mange som likar kombinasjonen av dobbeldans i skiløypene og dansing på borda på afterskien, er det dårlege nyheiter.
– Nei, afterski er ikkje noko tema no, det blir i alle fall i ein heilt annan form enn den vi er vant til, seier Camilla Sylling Clausen.
Ingen av dei store destinasjonane opnar opp for fulle hus med «Dj Dan» på popanlegget, i alle fall ikkje enda. No er det tryggleik og smittevern som er i fokus.
– Mange set jo viruset i samband med at mange blei smitta på alpeferie, så eg trur destinasjonane er svært varsame med omgrepet afterski no, seier Clausen.
Dei som besøker skianlegga vil også sjå at det har kome mykje felles merking med klare og tydelege råd til gjestene.
– Eg er imponert over korleis folk klarer å innrette seg.
KLARE BESKJEDAR: Over 150 skianlegg i Noreg vil bruke denne informasjonen denne skisesongen.
Foto: fnugg.no