Torsdag la rettsakkundige fram sin rapport om den psykiske tilstanden til den drapstiltalte Trond Ramsland.
Rapporten slår fast at den tiltalte er strafferettsleg tilrekneleg.
Sjølv om den drapstiltale ikkje er psykotisk meiner dei rettssakkundige likevel at han har store personlegdomsforstyrringar.
Manglar empati
I rapporten som vart lagt fram blir den drapstiltalte skildra som ein person med narsissitiske trekk. Kjenneteiknet på ein slik tilstand er at ein person er svært sjølvoppteken.
Kjenneteikn psykiaterane har funne på den drapstiltalte;
- Kjensle av å vere spesiell og eineståande
- Føler han har rettar som ikkje andre har
- Mangel på empati
- Problem med å oppføre seg i lengre forhold
- Meiner det han gjer er rett
Drapstiltalte kommenterte rapporten
Då rapporten var lagt fram ville den drapstiltalte gjerne kommentere det som var kome fram.
Ramsland stilte spørsmål ved om kor grundig rapporten eigentleg var.
Han avslutta med å seie at han ikkje hadde noko som helst tillit til rapporten.