Drapssikta mann (33) fengsla i fire veker – var nattevakt ved hospitset

BERGEN TINGRETT (NRK): Mannen (33) jobba som nattevakt på hospitset der politiet meiner dobbeldrapa i Bergen skjedde. Ifølge BT gjekk han av vakt få timar før funnet av dei to drepne.

Krimteknikere går inn i leilighet i hospits Møllendalsveien. Dobbeltdrapet i Bergen

SENTRALT: Politiet meiner dobbeltdrapet i Bergen skjedde her i hospitset i Møllendalsveien.

Foto: Christian Lura / NRK

Mannen, som er utanlandsk statsborgar, møtte sjølv i fengslingsmøtet i Bergen tingrett måndag. Han nektar straffskuld for siktinga for drap eller medverknad til drap.

Bergen tingrett har måndag bestemt at mannen skal varetektsfengslast i fire veker, dei to første i full isolasjon.

Etter det NRK får opplyst, jobba 33-åringen som nattevakt ved hospitset i Møllendalsveien.

Det er her politiet meiner drapa på ei kvinne (29) og ein mann i 40-åra skjedde.

Var på jobb

Bergens Tidende har måndag fått bekrefta at den sikta var på jobb førre helg. Måndagen etter, 13.januar, vart dei to avdøde funne i ei elv ved Osavatn i Arna bydel.

Politiet meiner dei vart frakta hit i bil etter drapa. Turgåarar melde frå om funnet i 12.00-tida.

Ifølge BT hadde nattevakta arbeidstid frå 23.00 til klokka 07.00. Dermed gjekk den drapssikta 33-åringen av vakt på måndag berre timar før funnet ved Osavatn.

Til Bergensavisen seier sambuaren til mannen at drapssiktinga kjem «som eit sjokk».

– Eg stolar heilt og fullt på at han er uskuldig. Kanskje han berre ville hjelpe, seier ho til BA.

Politeit tror Møllendalsveien er åstedet for dobbeltdrapet i Bergen

PÅ JOBB: Ein mann i 30-åra som jobba som nattevakt her i hospitset, vart måndag fengsla i fire veker, sikta for drap eller medverknad til drap.

Foto: Christian Lura / NRK

Fem personar sikta

Det er førebels ikkje kjent på kva tidspunkt politiet meiner drapa skjedde. Det er heller ikkje klart når dei drepne vart lagt i terrenget ved Osavatn.

Som NRK omtalte fredag, såg ein grunneigar tre menn i ein bil på eigedomen sin i Langedalen i Arna. Observasjonen vart gjort måndag morgon, få timar før funnet ved Osavatn fleire kilometer unna.

Dronebilde av funnstedet ved Osavatnet i Arna. Dobbeltdrapssaken

FUNNSTADEN: Politiet meiner dei to avdøde vart frakta hit til Osavatn i Arna, etter å ha blitt drepne ved hospitset i Møllendalsveien.

Foto: Odd Arne Olderbakk/Sindre Skrede / NRK

Så langt i saka er fem personar sikta:

  • Mann (56), sikta for drap eller medverknad til drap. Arrestert på kvelden måndag 13.januar. Varetektsfengsla i fire veker.
  • Mann (36), sikta for drap eller medverknad til drap. Arrestert på kvelden måndag 13.januar. Varetektsfengsla i fire veker.
  • Mann (33), sikta for drap eller medverknad til drap. Arrestert 14.januar. Varetektsfengsla i fire veker.
  • Mann i 40-åra, sikta for å ha bidrege til å øydelegga bevis. Sleppt fri 15.januar.
  • Mann (33), sikta for drap eller medverknad til drap. Varetektsfengsla i fire veker.

Kan bli fleire arrestasjonar

Politiadvokat Inger-Lise Høyland vil av omsyn til etterforskinga ikkje seie noko om kva slags relasjon den siste pågripne har til dei andre som er sikta i saka, eller til dei drepne.

– Vi må vera nøye med å halda informasjon tett i byrjinga. Men dette er ei så stor sak med så mange involverte at vi ikkje kan utelukka fleire pågripingar, seier Høyland.