Det har ikkje vore mogleg å avhøyra 44-åringen, men ei ny vurdering vil bli gjort i dag.
- Eg skal ha ein dialog med både min klient og med politiet slik at me i felleskap kan leggja ein strategi når det gjeld tidspunkt for avhøyr, seier forsvarar Per Magne Kristiansen.
Harald Bakkebø blei drepen fredag ettermiddag på Frekhaug.
Nedbroten og taus
Harald Bakkebø blei skoten og drepen i ei brakke på Frekhaug fredag ettermiddag.
Den drapssikta sin veslebror på 35 år var der, og han har fortald politiet at det var storebroren som skaut.
44-åringen sjølv har vore nedbroten og taus om det som skjedde.
- Til hans eige beste
Ikkje eingong forsvarar Per Magne Kristiansen har fått vita noko særleg frå klienten, som er varetektsfengsla i fire veker.
- Hans eige beste tilseier at han ikkje har gitt forklaring endå, og det har også politiet vist forståing for, fortel han.
- Då snakkar du om hans psykiske tilstand?
- Då snakkar eg om hans generelle tilstand, ja.
Fortida til den drapssikta har ført til spekulasjonar om moglege motiv.
Frå politijakta etter den drapssikta på fredag. (Foto: NRK)
Drapsvåpenet vekke
Forretningsmannen Harald Bakkebø var etterlyst i USA for milliardsvindel. Han nekta straffskuld, og amerikanske styresmakter fekk han aldri utlevert frå Noreg.
Bakkebø budde i Bergen og gjorde forretningar med 44-åringen, som no er sikta for å ha drepe han.
- Når me ikkje veit noko om motiv eller kva som kan ha utløyst drapet, blir det mange spekulasjonar, meiner Kristiansen.
Poltiet leita i helga, utan hell, etter drapsvåpenet, ei rifle. I dag håpar politiet at dei får spørja den drapssikta om han er istand til å snakka.