Hopp til innhold

Drap kona medan barnet (1) var heime

Måndag startar rettssaka mot mannen som drap kona si på Askøy i 2015. – Dette er ein frykteleg menneskeleg tragedie, seier forsvararen.

Askøy-drapet

DRAP KONA: 41-åringen som er sikta for drap på si 39 år gamle kone på Follese i Askøy kommune, er ifølge sakkunnige tilrekneleg. Kvinna vart funnen drepen 4. februar 2015.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Seksbarnsfaren er tiltalt for å ha drepe kona si i heimen på Askøy 4. februar 2015. Dei to neste vekene skal Bergen tingrett finna ut om han var tilrekneleg dagen drapet skjedde.

– Det er ein frykteleg menneskeleg tragedie. Og ikkje minst er det barna som gjer det tragisk, at så mange barn har blitt mor- og farlause, seier Brynjulf Risnes, forsvarar til tiltalte.

4. februar 2015 troppa mannen frå Askøy opp framfor Bergen fengsel på Hylkje med ferdigpakka koffert, og fortalde at han hadde drepe kona si.

– Drapet spring ut av ein konfliktfylt ekteskapssituasjon som kjem ut av kontroll, og der ein fekk dette tragiske utfallet, seier Risnes.

I huset på Follese låg den 39 år gamle kvinna knivstukken og død. Heime var òg eitt av barna deira (1).

Skal vurdera psykisk tilstand

Familien er norske statsborgarar, men av somalisk bakgrunn. 41-åringen har allereie erkjent straffskuld, og er tiltalt for drap.

Det sentrale spørsmålet i rettssaka blir hans psykiske helsetilstand under gjerninga.

– Førebels er det gitt ein konklusjon om at han er tilrekneleg, men det er nokre opningar i saka som gjer at ein har tatt dette atterhaldet på tiltaleavgjerda, seier statsadvokat Ellen Cathrine Greve.

Advokat Brynjulf Risnes

– OVERSTÅTT: Forsvarar Brynjulf Risnes seier den tiltalte mannen ønsker å få rettssaka overstått.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Sakkunnige skal vera til stades i retten og vurdera løpande om mannen var tilrekneleg eller psykotisk då drapet skjedde.

Ifølge forsvarar Risnes forventar tiltalte vanleg fengselsstraff då den førebelse rapporten viser han var tilrekneleg.

Seksbarnsfaren seier drapet ikkje var planlagt.

– Ein må også få fram bakgrunnen for drapet, kva for refleksjonar og vurderingar som har skjedd før drapet fann stad, fortel Greve.

Tiltalt for familievald

41-åringen skal tidlegare ha fått besøksforbod etter at kona melde om at han var valdeleg.

Etter avhøyr med barna og andre vitne er han òg tiltalt for vald mot kona og dei fem eldste barna mellom 2007 og 2014, då borna var mellom ni og 18 år.

Etter drapet blei barna tekne hand om av Barnevernet.

Ellen Cathrine Greve

Ellen Cathrine Greve

Foto: Per Vidar Raunholm / NRK

– Han skal sjølv få svara på spørsmålet om straffskuld når han kjem i retten, men eg trur nok han har ein litt annan oppfatning av omfang og alvor i det han har gjort, seier Greve.

Mannen blir dømt til fengsel eller tvungen psykisk helsevern, alt etter kor god psykisk helse retten finn at han hadde under drapet.

– Tiltalte ønsker berre å få dette overstått, og at han då kan få si straff etter det. Han forstår at dette er ein belastning for barna, og ønsker å skåna dei mest mogleg, seier forsvarar Risnes.