Dramatisk siger for Sogndal

Raudt kort, straffe og utlikning skapte spenning mot Åsane.

Henrik Furebotn, Rune Bolseth og Espen Olsen
Foto: Steinar Lote / NRK

2. rundekampen i cupen vart eit kvarter forseinka på grunn av tekniske problem med Åsane sin buss, og starta dermed først klokka 18.15.

Alt fire minuttar seinare slo Sogndal lufta ut av Åsane då Henrik Furebotn avlutta eit møljespel framfor mål med å prikka inn 1-0.

2-0 til pause

Etter det lot Sogndal tempoet falla i ei periode, slik at 2. Divisjonslaget frå Åsane greidde å skape eit par halvfarlege situasjonar.

Dermed auka heimelaget balltempoet ein smule noko som først resulterte at Anders Stadheim fekk ein stor sjanse, så at Daniel Lubienecki hadde ein heading i stanga før Tarjei Dale nikka inn 2-0 etter eit innlegg frå Henrik Furebotn etter 20 minuttar.
Det resultatet heldt seg til pause.

Ny dramatikk

Men det som såg klappa og klart ut for Sogndal, blei straks spanande etter pause. Alt etter eitt minutt måtte Lars Grorud rusle av bana med eit direkte raudt kort etter det som såg ut til å vere ei svært streng dommaravgjerd frå Jonny Skjerven.

Deretter måtte Skerven tåle nye protestar då han gav Åsane straffespark fem minuttar seinare. Men Sogndal sin solide keeper Piotr Leciejewski slapp heller ikkje denne gongen ei straffe forbi seg, og dermed leia Sogndal framleis 2-0.

Åsane reduserte

Det heldt seg fram til det 60. minuttet då Joachim Hammarsland var først på ein ball inne i sogndalfeltet og reduserte til 2-1.

Etter det var Sogndal sine 10 mann nærare 3-1 enn Åsane sine elleve var utlikning. Mellom anna hadde Elvis ein heading i tverrliggaren.

Sogndal er med dette klare for 3. rune i norgesmeisterskapen i fotball.

Følgjande 11 starta for Sogndal: Leciejewski, Elvis, Christensen, Grorud, Nadolski, Bolseth, Lubienecki, Furebotn, Stadheim, Olsen, Dale.

Anders Stadheim fanklubb

Anders Stadheim sin nystifta fanklubb støtta høglytt opp med A. Stadheim måla på overkroppen.

Foto: Arve Uglum / NRK