Hopp til innhold

Stor nedgang i psykiatrien – fryktar mange treng hjelp etter pandemien

Fleire stader i landet merkar ein no ein dramatisk nedgang i talet på pasientar som blir vist vidare til psykiatrisk behandling. Psykiater fryktar pågangen vil ta seg kraftig opp etter koronakrisa.

Psykiater Erik Ganesh Søegaard

DRAMATISK NEDGANG: Fleire stader i landet merkar ein kraftig nedgang i tal på tilvisingar til psykiatrisk behandling. – Eg trur dette vil ta seg kraftig opp, seier psykiater Erik Ganesh Søegaard ved Oslo universitetssykehus.

Foto: Privat

– Vi har merka ein dramatisk nedgang i talet pasientar som blir vist vidare til psykiatrisk poliklinikk, seier Trond Aarre.

Avdelingsleiaren ved Nordfjord psykiatrisenter seier at tal på tilvisingar har gått ned med om lag 90 prosent dei siste tre vekene.

Kjenner seg mindre åleine

Helsedirektoratet har vedteke dei strengaste tiltaka sidan krigen for å hindre spreiing av koronaviruset. Dette kan føre til at pasientane får det betre på kort sikt.

– Eg har fått høyre frå pasientar, som har problem med å vere sosiale, at dei ikkje kjenner seg så åleine, sidan alle no må vere meir heime, seier avdelingsleiar ved psykiatrisk klinikk Førde, Tor Christopher Fink.

Dei har også merka ein nedgang i talet pasientar som blir vist vidare. Det å ha noko konkret å fokusere på, kan hjelpe menneske i kvardagen, seier Fink.

Tor Christopher Fink

– Pasientane vert meir fokuserte på dei utfordringane og behova andre står oppe i, seier Tor Christopher Fink ved Helse Førde om kvifor tal på tilvisingar har gått ned.

Foto: Privat

Ein felles fiende

Fink viser til tidlegare forsking som seier at ved dramatiske hendingar, som til dømes covid-19-utbrotet, vil talet på folk som slit psykisk gå ned fordi ein får noko anna å fokusere på.

Dette er fagleiar i psykisk helsevern i Helse Bergen, Erik Rønneberg Hauge, einig i.

– Ein del pasientar kan nok føle at ein felles, konkret «fiende» kan vere lettare å handtere enn dei vanskane som dei elles slit med i kvardagen.

Dei har merka ein nedgang på rundt 50 prosent i tilvisingar til behandling dei siste vekene.

Hauge seier at det også kan vere andre årsaker til nedgangen. Blant anna kan pasientar vegre seg meir for å ta kontakt med helsetenestene på grunn av koronakrisa.

Det kan også vere at fastlegane no er meir selektive med omsyn til tilvisingar.

– Det er likevel viktig å seie at alle som treng og ønskjer hjelp skal få det.

Kan få store konsekvensar

– Dersom dette held fram kan vi få ein kraftig auke i talet pasientar seinare, seier psykiater Erik Ganesh Søegaard ved Oslo universitetssykehus.

Der har dei også merka ei halvering av talet på tilvisingar dei siste to vekene.

Han seier at psykiske lidingar ofte hamnar i skuggen når ein står overfor situasjonar som vi no gjer, og at folk gløymer sine eigne psykiske symptom og lidingar.

– Vi såg det same etter 22. juli. Folk strekker seg lenger og tek ekstra godt vare på kvarandre. Men som vi såg då, og som eg trur vi kjem til å sjå no, er at dette vil kome til å ta seg kraftig opp etter kvart som tida går.

Søegaard er difor bekymra for kva konsekvensar krisetiltaka vil kome til å få for samfunnet og for personar som slit.

– Viss dette blir langvarig så trur eg at fleire vil kunne få angst, depresjonar, traumereaksjonar og andre psykiske lidingar. Dette er viktig å ta omsyn til no.

Han trur at fleire kunne hatt godt av behandling her og no for å unngå at folk får store problem på lang sikt.