Då politiet målte promillen på mannen, synte testen at han skal ha hatt ein alkoholkonsentrasjon i blodet på 1,61 promille. I Norge har ein ikkje lov til å køyre motorbåt med meir enn 0,8.
Vedkommande skal sjølv ha kome i kontakt med naudetatane etter å ha meldt frå om eit motorhavari på båten sin.
Han skal ha bedt om hjelp på radioen, og det heile enda med at han vart henta ut av båten med eit redningshelikopter. I tida før han vart henta har han drukke store mengder konjakk. Retten meiner at han i alle fall har drukke ein halv liter medan han framleis var om bord i båten.
Konjakk inneheld vanlegvis rundt 40 prosent alkohol.
Då saka var oppe i Sogn og Fjordane tingrett, tilstod mannen utan atterhald i det heile teke. Retten støttar seg på fleire vitneskildringar, og meiner at tilståinga hans stemmer med det som verkeleg skjedde.
Får halde fram med å køyre båt
Mannen er dømt til å sitje 14 dagar i fengsel, og til å betale ei bot på 5 000 kroner. Då har han fått ein liten strafferabatt for atterhaldslaus tilståing.
Mannen mister ikkje retten til å køyre båt, og kan dermed halde fram med å ferdast på havet etter at han er ferdig med å sone tida i fengsel.