Hopp til innhold

Døydde etter fallulykke

Ein mann i 50-åra er død etter ei fallulykke i Samnanger.

Arbeidsulykke i Samnanger

OMKOM: Ulykka skjedde på dette anleggsområdet ved Sætervika i Samnanger.

Foto: Brigt Olav Gåsdal

Arbeidsulykka skjedde i samband med montering av ein rubbhall på eit anleggsområde ved Sætervika sist fredag. Mannen i 50-åra døydde på Haukeland sjukehus dagen etter.

Mannen fall ned om lag fire meter frå ein lift og landa på eit betonggolv.

– Det er forferdeleg trist. Dette har gjort sterkt inntrykk på oss alle, seier Trond Erik Gundersen, administrerande direktør i W. Giertsen Hallsystem til ba.no.

Direktøren opplyser at selskapet har oppretta ein eigen granskingskomité for å finna ut kva som skjedde. Også politiet og Arbeidstilsynet granskar ulykka.

Ulykka skjedde i samband med bygginga av den nye Tyssetunnelen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.