Døve Ingelin (27) fekk endeleg jobb etter tallause avslag

Ingelin Steen er døv og har søkt hundrevis av jobbar. No har ho endeleg fått draumejobben. Over 100.000 andre i same situasjon er ikkje like heldige.

Ingelin Steen

GLAD: Etter mange søknader og mange avslag, har no Ingelin Steen funne seg godt til rette hos Fjord1 i Florø.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK

– No var det min tur. Endeleg såg nokon meg som person og ikkje handikap. Det er ei god kjensle, smiler ho.

27-åringen frå Ulvik i Hardanger har sendt mange hundre søknader dei to siste åra. Ho har heile tida vore open om at ho er høyrslehemma i søknadane sine.

Etter avslag på avslag fekk ho endeleg napp på eit traineestilling hos Fjord1 i Florø.

Ho starta i august og håper å få god arbeidserfaring. Med ein bachelor i økonomi og administrasjon og rekneskapsutdanning, er målet no å bli rekneskapsførar.

– Eg trivst så godt her, med ein god sjef og gode kollegaer. Eg har det heilt fantastisk og får prøve ut utdanninga mi. Fjord1 er ei spennande bedrift, og dei er gode og tolmodige.

Fjord1 i Florø

FJORD1: – Eg trivst så godt her, med ein god sjef og gode kollegaer, seier Ingelin Steen, som jobbar på Fjord1 i Florø.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Mange blir diskriminerte

Samstundes syner tala at ikkje alle er like heldige.

Ifølgje Noregs Handikapforbund er det over 104,000 personar med nedsett funksjonsevne som ønskjer å jobbe, men ikkje får jobb.

Berre 41 prosent av dei er i arbeid.

Hovudårsaka er knytt til mangel på kunnskap og diskriminering, seier generalsekretær i Noregs handikapforbund, Sunniva Ørstavik.

Ei fersk undersøking viser at du har 50 prosent mindre sjanse til å komme på intervju om du sit i rullestol.

På Fjord1 sitt kontor i Florø har det vore lite behov for ekstra tilrettelegging. Men når Ingelin skal lære nye oppgåver på PC-en så tek det lenger tid.

Høyrande kan sjå på skjermen og høyre på instruksane samstundes. Ingelin må sjå på skjermen, men også lese på munnen til den som lærer ho opp.

Ingelin Steen

TOLK: Når Ingelin deltek i nettmøte har ho gjerne tolk med seg på skjerm.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK

Seier dei har samfunnsansvar

Å få Ingelin på laget har styrka heile avdelinga, meiner sjefane.

– Vi har lært mykje om kommunikasjon og dialog. Det gjeld både korleis vi pratar og kva ansiktsuttrykk vi har. Det handlar om korleis ho kan plukke opp det vi seier og meiner, seier rekneskapsleiar Håvard Ryland Grotle.

SSB si oversikt frå 2020 viser at av det er 240.000 tilsette med nedsett funksjonsevne. 114.000 treng inga form for tilrettelegging på arbeidsplassen. 25.000 treng tilpassa arbeidstid, endra arbeidsoppgåver, fysisk tilpassing, eller ein kombinasjon av fleire tiltak.

HR-sjefen i Fjord1, Øyvind Østrem, meiner selskapet har eit samfunnsansvar for å få inn dei som er på sida av arbeidslivet.

– Det handlar om berekraft. I framtida vil det bli utfordrande å få medarbeidarar og då må vi utnytte dei ressursane som faktisk ligg der, seier han.

Enn så lenge har Ingelin jobb eit halvt års tid til. Selskapet kan ikkje garantere ho noko vidare, sjølv om dei er veldig nøgde med jobben ho gjer.

– Vi får sjå kva som skjer. Så må vi hugse at dersom vi er opne og kommuniserer godt, så lærer vi av kvarandre. Vi har kome lenger på grunn av mangfald, innovasjon, erfaring og opplevingar, seier Ingelin.