Hopp til innhold

Dørfabrikkar får frist til 2012

Dei nye eigarane av Dooria må sjå klare teikn til betre økoniske tidar innan to år for å halde liv i dørfabrikkane i Årdal og Utvik.

Dooria Utvik AS

FÅR TO ÅR: Dooria Utvik flyttar hovudkontoret frå Stryn til Oslo. No får fabrikken to år på å vise at den er liv laga...

Foto: Ottar Starheim / NRK

Dørfabrikkane gjekk i 2009 med tilsaman 50 millionar kroner i underskot.

Konsernsjef i Dooria, Mikkel Sandvik, seier dei to neste åra blir avgjerande for lagnaden til fabrikkane.

- Vi kan drive med underskot ei stund til, i alle fall godt ut i 2011 og kanskje ut 2011. Men vi må sjå klare teikn til betring og ha ei klar forståing av at vi vil kunne lukkast på eit gjeve tidspunkt som må vere 2012 eller tidlegare, seier han.

Klar forbetring

Dooria Årdal

FÅR TO ÅR: Anlegget i Årdal har allereie redusert bemanninga med 35 årsverk.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fabrikkane i Årdal og Utvik har dei siste åra nedbemanna med eit minimum for å kunne halde hjula i gang. Det betyr at berre auke i volum kan berge dei to fabrikkane frå nedlegging.

I sommar kom Credo Partners inn med frisk kapital som majoritetseigar av Dooria, som er den nest største dørfabrikken i Skandinavia. Eigarskifte meiner Sandvik gjer at rekneskapen i år vil sjå mykje betre ut.

- Definitivt. Særleg andre halvår etter at dei nye eigarane kom inn vil bli vesentleg betre enn første halvår. Vi er definitivt på betringens veg i ein marknad som generelt er positiv, seier han.