Hopp til innhold

Dooria seier ja til Årdal

Generalforsamlinga i dørfabrikken Dooria sa i går eit endeleg ja til å etablere seg i Årdal. Dermed kan dei om kort tid starte bygginga av fabrikken i Årdal, seier konserndirektør Knut Løvdal.

No er den siste brikka på plass i høve til at Dooria kan gjennomføre investeringsprosjektet i Årdal som planlagd, seier han.

60 arbeidsplassar

Bygginga av fabrikken startar over sommaren og vil i første omgang gje 60 arbeidsplassar. Prosjektet har fått viktig støtte frå Innovasjon Norge. Dei sa først nei til å støtte dørfabrikken si etablering i Årdal. Men på eit besøk i bygda kunngjorde ein pressa næringsminister at staten gjennom Innovasjon Norge vil bruke totalt 80 millionar kroner i tilskot og lån for å få Dooria si etablering i Årdal på plass.

Av denne summen får Dooria 13 millionar i tilskot og tilbod om 30 millionar i lån. Resten er tilskot og tilbod om lån til Siva, som skal byggje lokala Dooria får leige.

Konkurrentar rasar

Opposisjonen på Stortinget har kravd å få vite kva som hadde endra seg etter at millionløyvinga vart skriven ut. Samstundes rasar også konkurrentane til Dooria, fordi dei meiner millionane som er løyvd er konkurransevridande. Likevel trur Løvdal at etableringa i Årdal ikkje er i fare.

- Vi får støtte som er godt innanfor EØS-regelverket og heilt i tråd med retningslinjene til Innovasjon Norge, så det er ingenting kritikkverdig ved støtteordningane, seier han.

Glad ordførar

Arild Ingar Lægreid
Foto: Hanne Stedje, porten.no

Selskapet gjennomfører også ei kapitalutviding, som gjer at Fjord Invest går inn med 35 millionar kroner. Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, er glad for at Dooria no har bestemt seg for etablering i Årdal.

- Etter alt det arbeidet vi har vore gjennom for å få på plass ei større industribedrift i Årdal, så er det godt at den første er på plass, seier han.

Heller ikkje han trur noko no kan komme i vegen for etableringa.

- Det fryktar eg ikkje. Eg har tiltru til at det Innovasjon Norge har fått på plass i høve til Dooria er i følgje regelverket, seier Lægreid