Hopp til innhold

Dømt for juks-hjelp på 19 teoriprøvar

Den 59 år gamle mannen skal ha utstyrt personar med skjult kamera og propp i øyret under teoriprøven. No er han dømt til 10 månader i fengsel.

Skjorte brukt til juksing på teoriprøvar

BEVIS: Holet i skjorta er lite, men stort nok til å filma teoriprøven gjennom. Fleire slike skjorter blei lagde fram i rettssaka.

Foto: Eli Bjelland

Mannen er i Haugaland tingrett dømt for å ha hjelpt 19 personar over heile landet, frå Mandal i sør til Tromsø i nord.

Han blei avslørt etter juks på trafikkstasjonen på Stord i 2017.

Metoden har vore den same i alle tilfella.

Kandidatane hadde på seg skjorter med eit lite hol der den eine knappen skulle vore. Prøven blei filma med ein mobiltelefon gjennom holet, og overført direkte til den dømde mannen.

Han kunne dermed gi dei rett svar direkte via ein propp skjult i øyret. Mannen har heile tida nekta straffskuld.

Grafikk, teoriprøvejuks

SLIK FUNGERER DET: Denne grafikken viser korleis teoriprøvejuks skjer. I andre tilfelle har Vegvesenet oppdaga at folk har teke med seg andre typar kommunikasjonsutstyr og kamera.

Foto: Lotte Camilla Holst-Hansen / NRK

Sivil politi på sykkel spana på Oslo-taxi

Opprullinga av saka starta i 2017, då ein annan mann blei mistenkt for juks på trafikkstasjonen på Stord.

Mannen blei ransaka. I skjorta hadde han eit hol, og under holet sat eit kamera. Mobilen hans viste at han hadde hatt ein FaceTime-samtale med ein annan samtidig som han tok teoriprøven.

Då kandidaten vedgjekk jukset, la politiet umiddelbart ein plan.

Dei skulle finne ut kven kandidaten hadde snakka med på FaceTime.

Planen inneheldt sivilt politi, mellom anna på sykkel. Juksaren blei lauslaten, fekk tilbake all utstyret og sendt heim.

I det stille følgde politiet med mannen heim til Bømlo, og såg om nokon kom for å hente utstyret.

Etter kvart kom politiet på sporet av ein taxi frå Oslo. I denne sat tiltalte saman med to andre. Politiet fann mellom anna åtte øyreproppar, fleire mobilar og ei grå notisbok i drosjen.

Notisboka skulle bli eit av hovudbevisa mot mannen.

– Drevet av profitt

– Vi er nøgde, og meiner det er ein grundig og god dom. Vi har også fått medhald i påstanden om inndraging av den profitten som vi meiner å kunne vise til at han har hatt, seier aktor Elin Kongestøl.

Påtalemakta meiner at mannen i gjennomsnitt tok 5.500 kroner i betaling for tenestene, og summert for dei 19 tilfella må han no gjere bot for 104.500 kroner.

Beløpet har politiet kome fram til frå den grå notisboka politiet fann i Oslo-drosjen. Der var det også namn og nummer på mange forskjellige personar.

– Vi har knytt notatblokka til alle dei 19 kandidatane, seier aktor Kongestøl.

I dommen heiter det at det er sannsynleg at mannen «har utført dette ut fra et profittformål og at han har tjent penger på denne virksomheten».

Sjølv seier han framleis at han er uskuldig. Han viser til at notisblokka inneheldt 85 forskjellige namn, og at desse er medlemmar i eit religiøst samfunn han er leiar for.

Mobilar, øyreproppar og liknande var ifølgje mannen utstyr han leigde ut, og at han ikkje har lagt seg opp i kva utstyret blir brukt til.

– Tiltalte er skuffa over resultatet og me kjem til å bruke den nærmaste tida til å vurdere om dommen skal ankast, seier forsvarar Linda Ellefsen Eide.