Hopp til innhold

Domstol-direktør ville påverke Stortinget gjennom fagforeiningane

Direktøren i Domstoladministrasjonen skreiv sjølv eit innlegg som støtta samanslåing av fleire tingrettar. Brevet skulle vere signert av fagforeiningane utan at namnet hans var med.

Sven Marius Urke

DIREKTØR: Sven Marius Urke i Domstoladministrasjonen.

Foto: Per Håkon Solberg / NRK

I 2017 fekk domstolskommisjonen i oppdrag å laga ein domstolsreform, som Stortinget kunne stemme over.

Men reforma har vore omstridd, og i mai i år varsla eit stortingsfleirtal av Frp, Sp, SV og Ap at det vil avlyse heile reforma.

Skuldrene er difor høge når regjeringa no har sendt eit nytt forslag til domstolsreform til Stortinget, og kampen om å dytte dei folkevalde i si retning er i gang.

I eit utkast til eit brev til Justiskomiteen skriv sju av fagforeiningane i domstolane at det nye forslaget er «vesentleg meir moderat» enn førsteutkastet, og at den nye løysinga «varetar interessene for våre medarbeidarar på ein god måte».

Men det er ein ting som skurrar.

For den som i har ført teksten i pennen er ikkje nokon av fagforeiningane.

I dokumentet sine metadata gøymer den verkelege forfattaren seg – Sven Marius Urke. Direktør i Domstoladministrasjonen og medlem i domstolskommisjonen.

Den same domstolskommisjonen som har laga reforma.

Skjermdum

FORFATTAR: Då forfjamsa tilsette i rettsvesenet opna oppropet frå fagforeiningane, såg dei at toppleiaren deira stod som forfattar.

Foto: Skjermdump

– Burde ha halde fingrane vekke

– Eg fekk direkte sjokk då eg sjekka eigenskapane til dokumentet og såg kven som sto som forfattar, seier Eivind Helleland, jordskifterettsleiar ved Nordfjord jordskifterett og medlem i ein av fagforeiningane (Tekna) som står som avsendar av brevet.

Han meiner Urke «i beste fall» har vore uryddig og under alle omstende «burde ha halde fingrane sine vekke».

– Det handlar om å respektere rollene i arbeidslivet, og om ikkje å forsøke å diktere premissane i ei så splittande sak som dette.

Eivind Helleland

OVERRASKA: Eivind Helleland i Nordfjord jordskifterett.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Forsøk på skjult påverknad

Jenny Klinge (Sp) i Justiskomiteen reagerer kraftig på «den skjulte måten» Urke prøvar å påverke komiteen på.

– Dette kan samanliknast med om politidirektøren laga eit politisk skriv på vegner av Politiets Fellesforbund, det ville sett svært merkeleg ut, og eg meiner dette er like merkeleg, seier Klinge.

Jenny Klinge, Senterpartiet.

SAKSORDFØRAR: Jenny Klinge (Sp) er saksordførar for domstolsreforma i Stortinget.

Foto: Senterpartiet

Noregs fremste ekspert på offentleglova, jusprofessor Jan Fridthjof Bernt, stussar også over framgangsmåten.

– Dette reduserer den sjølvstendige verdien av fagforeiningane sine fråsegner ganske dramatisk, seier han.

Han legg til at det «må vere ein sjølvfølgje at det går fram av fråsegna korleis ho er komme i stand og kven som har ført den i pennen, slik at vi veit kva for ei stemme vi høyrer.»

– Formålet med ein høyringsrunde er først og fremst å få fram uvisse og mogelege svakheiter ved dei forslaga og synspunkta som er presentert, og da er denne framgangsmåten lite tillitvekkande. Det burde alle deltakarane i Samarbeidsrådet ha sett.

– Han insisterte ikkje

Nina Kristin Anderson er hovudtillitsvald for fagforeininga Parat, som organiserer tilsette i domstolane og jordskifterettene.

– Eg forstår at mange reagerer på at Urke står som forfattar, men det var ikkje slik at han insisterte på å gjere det, seier ho.

– Det var snarare slik at han tok på seg oppgåva ettersom ingen andre hadde tid.

Bakgrunnen er eit møte i Samarbeidsrådet for domstolane 16. oktober, som Urke tok initiativ til. Samarbeidsrådet er det øvste organet mellom Domstoladministrasjonen og domstolane i Noreg.

Det var her partane vart einige om at Urke kunne skrive eit utkast for fagforeiningane.

– Unaturleg å skrive under

Om kritikarane hadde vore til stades under møtet, «ville dei sett at dette var heilt uproblematisk», svarer Sven Marius Urke.

– Det er ikkje mi oppgåve å halde meg vekke frå viktige spørsmål i domstolane. Som leiar er det mi oppgåve å diskutere alle viktige spørsmål grundig med dei tillitsvalde.

Til skuldinga om at han driv med skjult påverknad via andre, svarer han følgjande:

– Min kommentar til det er at eg aldri – og gjentar aldri – dikterer eller instruerer. Vi har fagleg sterke og meiningssterke tillitsvalde i domstolane.

Han presiserer at han «for så vidt ikkje hadde noko imot å underskrive brevet» med eige namn, men at dette var «unaturleg».

– I ettertid, ville du gjort noko annleis?

– Nei, det ser eg ikkje. Det var rett å diskutere denne saka i Samarbeidsrådet. Eg vart oppmoda til å skrive eit utkast, og eg gjorde det.