Hopp til innhold

Dommarmangel kan stoppe fotballen

Etter omlegginga i 3.divisjon manglar Sogn og Fjordane 12 autoriserte dommarar før neste sesong.

Tommy Skjerven

FÅ FØLGJER ETTER: Eliteserie-dommar Tommy Skjerven frå Kaupanger IL er fylkets mest profilerte, men det tynnast ut i rekkjene bak den erfarne dommaren.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Robert Endestad

- KLUBBANE MÅ TA ANSVAR: Dei store fotballklubbane i fylket må byrje å tenkje dommarrekruttering, ikkje berre spelar- og trenarutvikling, meiner Robert Endestad i fotballkrinsen.

Foto: Vegar Erstad / NRK

– Eg seier det faktisk så brutalt at utan dommarar, så stoppar faktisk fotballen opp, seier leiar Robert Endestad i dommarkomiteen i Sogn og Fjordane fotballkrets.

Nye divisjonar krev fleire dommarar

Det er omlegginga av 3 og 4 divisjon samt opprykket til Jølster sitt damelag gjer at det neste sesong vil vere bli 15-20 fleire dommar-oppdrag kvar veke neste sesong.

– Eg kunne ønskje meg 10-12 autoriserte dommarar i 2011-sesongen. Det hadde vore til stor hjelp.

Førde og Sogndal får kjeft

Endestad meiner det ikkje blir satsa nok på dommarrekruttering ute i klubbane.

– Store klubbar som Førde, Sogndal og Måløy glimrar med sitt store fråvere på dommarsatsinga, seier han.

– Vi har ikkje vore gode nok

Styreleiar i Førde Fotball, Rasmus Værn seier dommarrekrutering er ein vanskeleg jobb, men vedgår at dei ikkje har vore flinke nok.

– Det som definitivt er sikkert, er at vi har for dårleg utteljing på det arbeidet vi gjer. Det er veldig vanskeleg å rekruttere dommarar, i alle fall utfrå den strategien vi har hatt, vedgår Førde-leiaren.

Utskjelling skremmer?

Værn trur hard medfart frå spelarar og publikum kan skremme unge dommarar. Han får støtte frå ein som har blåse i fløyta sidan 1976.

– Faren er at desse som nett har gått rekrutteringsdommarkurs blir skremde av spelarar, foreldre, høgstatus-trenarar slik at dei opplever negative hendingar. Då får dei ikkje lyst til å fortsette med dette, seier Ragnar Åmot som denne sesongen dømde 58 kampar.

Ber om handling

For å ikkje å slite ut dei dommarane ein har, meiner Endestad i fotballkrinsen at klubbane no må skjerpe seg .

– Dei må ta grep på styrenivå og ta grep. Dei må bestemme seg for at dei også vil satse på dommargjerninga som ein del av fotballen. Ikkje berre tenkje på spelar- og trenarutvikling, men også tenkje på dommargjerninga som er viktig.