Dømde for ulovleg køyring

To brør og sonen til den eine av dei er dømde i lagmannsretten til bøter på 12.000 kroner kvar. Alle er dømde for ulovleg køyring med snøskuter og ATV til eit stølshus i indre Sogn. Brørne hevda køyringa var lovleg sidan dei skulle pusse opp stølshuset på garden.