Hopp til innhold

Kvinnene trudde dei kjøpte luksusvesker. I posten fekk dei gamle klede

Kvinne (24) og mann (30) dømd for grovt bedrageri. No må dei betale tilbake over 80.000 kroner til svindeloffera på Finn og Tise.

Montasje

IKKJE SOM VENTA: Ni kvinner betalte tusenvis av kroner for ei Louis Vuitton-veske, men fekk gamle klede i staden. No er to personar dømde for bedrageria.

Foto: Montasje

– Eg kjenner på ei skam over at eg let meg lure. Det var mange bjøller som ringde under kjøpsprosessen, seier ei av kvinnene som lét seg lure av svindelduoen frå Bergen.

Kvinna i 50-åra trudde ho hadde kjøpt ei Louis Vuitton-veske for 13.000 kroner frå kvinna som annonserte på bruktmarknaden til Finn.

I posten fekk ho ein blå hettegenser.

Samfunnsstraff

No er ei kvinne (24) og ein mann (30) dømd til 75 timar samfunnsstraff kvar, for grovt bedrageri av ni kvinner og forsøk på grovt bedrageri av fem kvinner og éin mann.

Dei må også betale nær 84.000 kroner i erstatning.

Samfunnsstraffa må gjennomførast innanfor ein periode på 120 dagar. Subsidiært er dei begge dømde til 75 dagar fengsel.

Skjermdump frå tekstmelding

DÅRLEG STEMNING: Ei av kvinnene som vart svindla, melde ifrå til politiet.

Foto: Skjermdump

Svindelen vart gjennomført både på Finn og på Tise. Dei fornærma overførte pengar via Vipps, men i staden for luksusvesker fekk dei heller brukte klede i posten.

«Når kundene krevde postoppkrav, tilrettela de tiltalte også for dette og oversendte verdiløse pakker. Retten er ut fra en samlet vurdering kommet til at bedrageriene er så klanderverdige at de må anses som «grov» etter loven», samanfattar Hordaland tingrett i den ferske dommen.

Tilsamen vart det svindla og forsøkt svindla for nesten 165.000 kroner.

Les også Forbrukarrådet om trygg netthandel: – Be om kvittering

Montasje

La korta på bordet med ein gang

Dei to dømde vart avslørt då ein av dei fornærma, som hadde betalt 5500 kroner for ei Louis Vuitton-veske på Tise, melde kvinna til politiet i april 2020.

Då politiet tok beslag i mobiltelefonen til 24-åringen, fann dei resten av lovbrota, samt avdekka at dette skjedde i samarbeid med ein mann (30).

Begge var henta inn til avhøyr sommaren 2020 og der la dei alle korta på bordet og erkjente straffskuld. Det gjorde dei også under rettssaka tidlegare i oktober og fleire vitne slapp difor å møte i retten.

Det er noko tingretten meiner er formildande for straffeutmålinga. Dei dømde får samfunnsstraff, då tingretten meiner begge er i ein «rehabiliteringssituasjon».

«Ut fra opplysningene i saken legges det til grunn at de begge har hatt store problemer med rusmidler fra ung alder og over et lengre tidsrom, samt at de nå begge nå befinner seg i en klart endret livssituasjon», konkluderer dommarane.