Hopp til innhold

Dømd til 12 år i fengsel for valdtekter: – Det vitnar om eit regime av utnytting og overgrep

Ein 51 år gamal mann frå Innlandet er dømd til fengsel i 12 år for ei rekkje valdtekter av mindreårige. Han må også betale offera to millionar i erstatning.

Tiltalt i overgrepssak fra Innlandet.

DØMD PÅ ALLE PUNKT: 51-åringen frå Innlandet fekk torsdag lest opp den knusande dommen i Vik fengsel.

Foto: Charlotte Rintler / NRK

I den knusande dommen frå Sogn og Fjordane tingrett, er 51 åringen dømd på alle punkta i tiltalen.

Blant anna ei rekkje valdtekter og overgrep mot ei jente frå Sunnfjord, som var mellom 11 og 16 år då dette skjedde.

Bistandsadvokaten til jenta, Lene Knapstad, seier at dommen betyr mykje for klienten hennar.

Den har ho i dag teke mot med stor glede. No har ho endeleg fått det svart på kvitt at domstolen trur på både ho og dei andre offera i saka på alle punkt, seier Knapstad.

Bistandsadvokat Lene Knapstad og statsadvokat Kristine Knutsen-Berge. Overgrepssak i Førde 7. september 2020.

I RETTEN: Bistandsadvokat Lene Knapstad (t.v.) og statsadvokat Kristine Knutsen-Berge i tingretten.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Mannen er også dømt for overgrep og valdtekter mot fire andre jenter, blant anna ei jente som var med mannen på lastebiltur til Sverige då ho hadde arbeidsveke på skulen.

Mannen var i mange år aktiv i frivillig arbeid, noko som også blir omtala i dommen.

Har ikkje teke stilling til dommen

Dommarane er ikkje i tvil om at mannen er skuldig i alle forholda han var tiltalt for, sjølv om han hevda si uskuld i retten.

Forsvarar Ivar Eivind Hauge seier at klienten hans er skuffa over at han ikkje er blitt trudd på eit einaste punkt.

– Vi har ikkje teke stilling til dommen eller om dei skal anke.

Meinte ho måtte ta skulda

Dei meiner han tilpassa si forklaring til forklaringane som kom fram i retten, og at ein ikkje kan stole på det han sa.

Dette ser vi tydeleg i retten si vurdering av det han forklarte om forholdet til den svært unge jenta frå Sunnfjord. Han meinte at ho måtte ta deler av skulda for at det blei ein seksuell relasjon mellom dei.

– Retten finn etter dette å kunne utelukke tiltalte si forklaring. Retten legg til grunn fornærma si forklaring om den seksuelle kontakten. Hennar forklaring står fram som konsekvent og nyansert, samstundes som den blir støtta av andre bevis i saka.

– Burde forstått at ho var yngre

I retten hevda mannen at han ikkje visste og forstod at Sunnfjord-jenta var mindreårig då dei møttes, først på nett og sidan fleire stader i Sogn og Fjordane.

Dette burde han ha funne ut av, slår retten fast. Trass i at dei møttes på ei nettside med 18-årsgrense.

– I den situasjonen som var, finn retten det klart at tiltalte ikkje har oppfylt plikta si om aktsemd ved å berre legge fornærma sine opplysningar om alder til grunn, heiter det i dommen.

I dommen blir det og synt til meldingar som blei sendt mellom Sunnfjord-kvinna og tiltalte i 2017. Der la han ikkje skjul på relasjonen mellom dei to då ho var mindreårig:

«Jeg har trøstet meg med en ting. Hvis det er lov. Det var ingen tvang....håper jeg da.»

Overgrepssak i Sogn og Fjordane tingrett

STOLAR PÅ HO: Dommarane meiner forklaringa frå den fornærma Sunnfjord-kvinna var til å stole på. Tiltalte si forklaring blei lagt heilt vekk i straffevurderinga.

Foto: Charlotte Rintler

– Kontrollregime

Dommarane i tingretten meiner mannen er skuldig i eit stort tal krenkande hendingar mot dei unge jentene over fleire år. Det gjeld alt frå «seksualisert oppførsel», meldingar, bilete og videoar på telefon.

– Desse krenkingane har eit betydeleg større omfang enn dei fysiske overgrepa aleine. Det vitnar om eit regime av kontroll, utnytting og overgrep, skriv dommarane.

Overgrepa mot kvinna frå Sunnfjord aleine, gir ei fengselsstraff på åtte år, meiner tingretten. Samanhalde med dei andre tilfellene av valdtekt og overgrep, meine retten at 12 år i fengsel er ei passande straff.

Han må også betale ei samla erstatning til offera i saka på over to millionar kroner.

Fornøgd med dommen

Statsadvokat Kristine Knutsen-Berge seier saka er alvorleg, og ho er fornøgd med avgjerda til tingretten.

– Det er ein veldig god og grundig dom. Den samsvarar og med korleis påtalemakta har vurdert skuldspørsmålet og straffeutmålinga, seier ho.

Den dømde mannen har no 14 dagar på seg til å vurdere om han skal anke dommen.