Hopp til innhold

Stakk brørne med kniv – dømd til fengsel

22-åringen var frustrert og gjekk til åtak på brørne sine med kniv. No er han dømd til fengsel i to år og to månadar.

Knivstikking i Løvåsen i Fyllingsdalen

DØMD: Ein 22 år gamal mann er dømd til fengsel i to år og to månadar etter å ha knivstukke sine tre brør i ei blokkleilegheit i Fyllingsdalen i Bergen.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Politikvinne på åstedet

BLODSPOR: Ei politikvinne undersøker bevis på åstaden. Det var mykje blodsøl inne i trappeoppgangen og heisen i bustadblokka.

Foto: Britt Kristin Ese

– Eg var sint og provosert, forklarte 22-åringen ifølge Bergensavisen då saka var oppe i Bergen tingrett.

Det var i 30. mai i vår at væpna politi rykka ut til ei adresse i Fyllingsdalen i Bergen.

Meldinga var dramatisk; tre personar var stukke med kniv og skadane på dei involverte var alvorlege. Den 22 år gamle somaliaren vart raskt arrestert av politiet. Alle dei fire involverte er brør.

Ikkje planlagd

Seinare opplyste Haukeland sjukehus at ein av dei knivskadde hadde alvorlege skader, medan dei to andre slapp unna med lettare skader.

BA skriv at 22-åringen under rettssaka forklarte at vanskar med å få opphaldsløyve i Norge gjorde han frustrert og sint. Ifølge han var ikkje knivstikkinga planlagd.

Den 22 år gamle somaliaren tilstod knivstikkinga og sa seg skuldig i tiltalen om vald under særdeles skjerpa omstende.

Bergen tingrett meiner valden lett kunne fått eit enno meir alvorleg utfall og har dømd 22-åringen til fengsel utan vilkår i to år og to månader.