Dømd etter kollisjon med vogntog
Ein nordfjording i 20-åra er dømd for aktlaus køyring etter ei trafikkulukke i Stryn for to år sidan. Han meinte teknisk svikt gjorde at han krasja med eit møtande vogntog. Retten på si side viser mellom anna til at han berre sov tre av 28 timar før ulukka. Mannen må betale 10.000 kroner i bot.