– Eg har jobba her i 25 år, så det er ikkje overraskande å seia at eg synest det er veldig trist, seier konsernsjef Mons Aase til NRK.
I børsmeldinga som blei sendt ut ved 21-tida onsdag kveld, står det at selskapets kreditorar no har bede retten om å opna konkurs i Dof ASA fordi dei meiner det ikkje er grunnlag for rekonstruksjon.
E24 skreiv først at kreditorane er villige til å inngå ein avtale der dei tar over eigarskapet av Dof Services AS og dotterselskapa og legg til rette for rekonstruksjon i desse.
Dermed vil ingen av dei kring 4000 tilsette i selskapsgruppa mista jobben.
Dette er fordi det berre er det børsnoterte morselskapet som opnar konkursbehandling i morgon.
– I praksis vil jo selskapet, eller gruppa, drifta vidare heilt som normalt. Ingen tilsette eller kundar vil bli råka av dette, seier Aase.
Aksjonærane tapar alt
Advokat Egil Horstad vart i desember oppnemnd av tingretten som rekonstruktør for selskapet, for å sjå om selskapet kunne koma på beina att.
– No går dette mot ein ende i og med at kreditorane har sagt at dette ikkje kan lukkast, seier Horstad.
På fredag vart det klart at ein ikkje stor nok del av aksjonærane ville godta forslaget som låg i bordet. Det gjekk ut på at dei skulle få 3,75 % av verdien av selskapet.
Eit DOF supplyskip i Bergen hamn.
Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRKDet opphavlege forslaget som vart lagt fram på generalforsamlinga i haust, var at aksjonærane skulle få 4 prosent. Heller ikkje det gjekk gjennom.
– Skjebnens ironi oppi dette er at i ein konkurs blir alle aksjonærverdiane borte. Dei får ingenting, seier Horstad.
Sidan det er morselskapet som no er konkurs, blir ikkje dei tilsette råka. Dei er tilsette lengre nede i strukturen.
– Så lenge ein finn ei løysing der morselskapet sine eigedelar blir tekne over av andre, blir ingen råka av det. Verken tilsette eller dei som har kontraktar med selskap lenger nede i strukturen, seier Horstad.
I morgon tidleg vil Horstad senda over dokument til tingretten.
– Så vil eg tru at tingretten ganske tidleg i morgon vil ta stilling til det dei skal ta stilling til, og, vil eg anta, opna konkurs, seier Horstad.