Dødsulukka skjedde ved Stordalsvatnet på E134 i Etne kommune onsdag denne veka.
Ein norskregistrert lastebil velta utfor vegen. Ingen andre bilar skal ha vore involvert i ulukka.
Fredag opplyser politiet at det 28 år gamle Helge Viken Håkull som omkom i ein lastebilvelt på E134 i Etne onsdag ettermiddag. Det skriv Sør-aust politidistrikt i ei pressemelding.
Håkull var busett i Tysvær kommune. Namnet blir frigitt i samråd med dei pårørande.
NAUDETATAR PÅ STADEN: Ulukka skal ha skjedd ved Stordalsvatnet på E134.
Foto: Grethe Hopland Ravn / GrannarPolitiet fekk melding om ulukka kl. 17.24.
– Politiet har starta undersøkingar på staden. Kriminalteknikarar frå politiet og ulukkesgruppa til Vegvesenet er på veg til staden, sa jurist Erik Engeløkk i Sør-Vest politidistrikt til NRK tidlegare i veka.
ETNE: Det skal vera lange køar etter ulukka.