Bilulukke Kjølsdalen
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Dødsulukka i Kjølsdalen

Oppsummert

Ein mann i 50-åra er tiltalt for aktlaust bildrap etter at to kvinner mista livet i ein påkøyrsel i romjula i 2018. Mannen var rusa på blant anna amfetamin, men nektar straffskuld.

  • Dømt til fengsel i halvanna år

    Mannen som var tiltalt for aktlaust drap etter å ha køyrt på to kvinner i Kjølsdalen i romjula 2018, er dømt til fengsel i eit år og seks månader, skriv Firda Tidend
    Mannen må òg betale til saman 875.000 kroner i erstatning til etterlatne, og er frådømd førarretten for alltid.

  • Avsluttar rettssaka

    Advokat Oscar Ihlebæk har no avslutta si prosedyre. Han la stor vekt på at dommarane må la einkvar tvil kome tiltalte til gode. Han meiner også at tiltalte ikkje skal betale noko erstatning til dei etterlatne.

  • Krev frifinning

    Forsvarar Oscar Ihlebæk krev at hans klient blir frifunnen for alle punkta i tiltalen. Han meiner at det er tvil om at mannen sovna før dødsulukka, og at han kan ha fått i seg narkotika utan at han visste om det.

  • – Eit klart ansvar

    Bistandsadvokat Paul-Inge Angelshaug krev 200.000 i oppreisning for ektemannen og kvar av dei tre sønene til Anne Sæthre. I alt 800.000 kroner. Han meiner den tiltalte bilføraren har eit klart ansvar for det som hende i Kjølsdalen 3. juledag i 2018.

  • Krev erstatning på 600.000

    Bistandsadvokat Ann Mari Bjørlo krev at dei to borna til Marit Røed Sundal får opp til 200.000 kroner i oppreisning etter dødsulukka i Kjølsdalen. Ho krev også 200.000 i erstatning til mor til avdøde.