Hopp til innhold

Person funnen død på nattoget

Onsdag morgon vart ein person funnen død i eit tog som kom til Bergen.

Person funnen død på tog

DØDSFALL: Både politi og helse er ved jernbanestasjonen i Bergen etter funn av død person på eit tog.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Ifølgje ei pressemelding frå Vest politidistrikt var det ein tilsett på toget som rett før klokka 07.20 hadde funne ein død person om bord på nattoget frå Oslo til Bergen.

– Den døde personen vart funnen inne på toget, opplyser politiet sin innsatsleiar Gisle Anthun.

Både ambulanse og politi vart sendt til staden, men vedkommande vart erklært død kort tid etter.

Politiet har ikkje mistanke om noko kriminelt, men dei kan heller ikkje utelukka det, opplyser dei vidare i pressemeldinga.

Togstasjon Bergen.

ETTERFORSKING: Politiet etterforskar funnet av ein død person på eit tog i Bergen. Rett etter klokka 8 var arbeidet avslutta, og toget frigjort.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Politiet har avhøyrt vitne og andre tilsette på toget.

– Me er no ferdig på staden og toget er frigjort. Avdøde vert sendt til obduksjon, seier innsatsleiar Gisle Anthun klokka 08.15.

Politiet har ei meining om kven den avdøde personen er. Dei meiner også ha ha god oversikt over hendinga.

– Me jobbar med å varsla dei pårørande, seier politiet.

Jernbanestasjonen Bergen
Foto: Julianne Bråten Mossing / NRK