Død person funnen i Åsane i Bergen

Ein person er funnen død i terrenget ved Breistein i Åsane, nokre kilometer nord for Bergen sentrum. Politiet har sperra av området, og har starta etterforsking på staden. Det var ein turgåar som fann personen like etter klokka 14 i dag.