I dag tar gruvearbeidarar ut 500.000 tonn olivin frå Lefdal-gruva. Frå nyttår skal uttaket reduserast til 300.000 tonn og seks mann misser arbeidet. I staden skal foredlinga aukast. 35.000 tonn knust og tørka olivin pakka i 25 kilos sekkar skal North Cape på Bryggja produsere neste år. Produktet har ein verdi som ligg mellom fem og ti gonger over den tradisjonelle gruvedrifta.
Større marknad
Tidlegare har Bryggja levert produktet til Europa og USA, med dobbel produksjon skal Nordfjord-olivinen no i tillegg skipast til Mexico, Venezuela, Brasil, Chile og Australia. Der skal den verdifulle steinen mellom anna brukast som støypesand i stålindustrien.
Positivt for underleverandørar
For anna næringsliv i Vågsøy, vil omlegginga vere positiv. Dobling i produksjonen vil gje nye kontraktar til underleverandørar og transportørar. Til dømes skal store delar av den tørka olivinen skipast ut i containerar frå Måløy hamn.
Sluttpakkar
Men så langt betyr effektiviseringa i North Cape Minerals at seks gruvearbeidarar misser arbeidet frå første januar. Ein har fått nytt arbeid, medan dei andre fem har fått tilbod om sluttpakkar på 165.000 kroner kvar.
Kontakta Bergvesenet
Då planane om reduksjon i Lefdal-gruva vart kjent tok mellom andre ordføraren i Eid, Gunnvald Ludvigsen kontakt med Bergvesenet for å få kontrollert at omlegginga skjer etter vilkåra selskapet har for gruvedrift. Svaret derifrå er at det amerikansk-eigde selskapet har alt på stell i omlegginga av den tretti år gamle Lefdal-gruva.