Hopp til innhold

Familien jobba dugnad over 1000 timar for å bevare dette gamle huset

Aldri før har så mange søkt om pengar til å restaurere gamle bygningar i Noreg. Det kan vere snakk om ein pandemieffekt.

Restaurering hus

GRUNN TIL Å VERE STOLTE: Anne Merethe Kvalsøren, mor Marit Feigum og far Kjell Feigum har brukt tallause timar på å setje den gamle industristaden og garden i stand.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Familien Feigum har dei siste seks åra brukt tusenvis av dugnadstimar og mykje pengar på å ruste opp den heilt spesielle plassen mellom fossen og fjorden på Feigum ved Sogndal.

Grenda ligg midtvegs mellom Urnes og Skjolden på sørsida av Lustrafjorden, og her stod bygningane til nedfalls.

Men med kommunal og statleg støtte har sagbruket blitt til sommarkafé, smia og mølla har blitt til lokale attraksjonar.

– Støtta frå Kulturminnefondet har vore svært viktig. Det er kjekt at så mange set pris på og får hjelp igjennom den ordninga, seier eigar Kjell Feigum.

Stor vekst i søkjartala

Dei er ikkje aleine.

Direktør Simen Bjørgen i Kulturminnefondet ser at søknadsbunken veks veldig, og at interessa for å ta vare på gamle kulturminne er høgare enn nokon gong.

DJUPT INNE I FJORDEN: Feigum ligg på sørsida av Lustrafjorden, som er ein arm av Sognefjorden.

Hittil i 2021 har Kulturminnefondet motteke 1237 søknader om til saman 355 millionar kroner til ulike bevaringstiltak. Til samanlikning blei det i heile 2020 søkt om 331 millionar kroner.

– Mange av søknadane gjeld til dømes hotell, gardsturisme og annan reiselivsverksemd som tek utgangspunkt i historiske stadar med stor verneverdi.

Han trur at pandemien kan vere ei av årsakene til den store auken.

– Vi ser ikkje vekk ifrå at det kan ha hatt ein effekt, i og med at søknadsmengda veks så mykje som ho faktisk gjer.

Restaurering

SYNER RUNDT: Kjell Feigum (t.h.) vil formidle vidare kunnskapen om gamle handverk. Dottera Anne Merethe Kvalsøren vil gjere Feigum til ein kulturstad.

Foto: Geir Bjarte Hjertland / NRK

Finn roa under fossen

På Feigum i Luster førebur familien seg no på ein sommar der det vil kome mange norske turistar til gards.

Bygningane deira ligg under den majestetiske Feigumfossen. I motsetning til før er grenda no tilrettelagt for turisme.

Her kan folk vandre rundt og sjå minne frå den første industrialiseringa – og finne roa med utsikt over Lustrafjorden.

– Kulturminnefondet ønskte gjerne at vi skulle behalde så mykje av materialane som vi kunne i den gamle siloen, sidan den er sagd på saga her nede. Så blei det til ein fin og lun uteplass der vi kan sitje her og sjå utover fjorden.

Det seier dottera i familien, Anne Merethe Kvalsøren. Ho driv eige firma på garden med det klingande namnet «Anne Merethe Kvalsøren Sin Kulturstad i Feiga».

– Det kjekkaste er at folk kjem hit. No kjem det syklistar og det kjem folk båtvegen. Det er blitt eit sentrum på ein måte, kven skulle tru, seier Kvalsøren og smiler.

Nes i Luster sett frå Feigum

FIN UTSIKT: Dette er utsikta frå Feigum mot Nes i Luster.

Foto: MERETE HUSMO HØIDAL / NRK

Ei krone blir til tre

Medan norske turistar snart vil kome på besøk til Feigum og mange andre stadar som har fått midlar frå Kulturminnefondet, ser Bjørgen at også rikspolitikarane er med på notane.

Stortinget har aldri løyvd så mykje midlar nokosinne til kulturminnevern. Fondet disponerer i år 115 millionar som skal fordelast ut over landet.

Ei gransking frå Menon Economics syner også at ei krone frå fondet utløyser tre og ei halv krone i samla innsats.

Også på Feigum i Luster har tilskotet gjeve ringverknader, ikkje minst til lokalt næringsliv.

– Vi har hatt fantastisk dyktige entreprenørar og handverkarar med oss i arbeidet. Slikt gjer meg stolt, seier Kjell Feigum.

Tilskot frå Kulturminnefondet i 2021

Fylke

Faste

Fartøy og båter

Sikringstiltak

Fagseminar

Rullende og bevegelige

Formidling

Totalt

kulturminner

Troms og Finnmark

2 722 000

295 000

197 000

30 000

3 244 000

Nordland

2 339 000

205 000

96 000

2 640 000

Trøndelag

4 788 000

45 000

80 000

40 000

250 000

21 000

5 224 000

Møre og Romsdal

4 384 000

290 000

120 000

4 794 000

Vestland

9 222 000

825 000

441 000

180 000

62 000

10 730 000

Rogaland

3 114 000

70 000

46 000

235 000

3 465 000

Agder

6 185 000

420 000

77 000

6 682 000

Vestfold og Telemark

3 531 000

70 000

106 000

45 000

230 000

3 982 000

Innlandet

10 575 000

447 000

110 000

40 000

30 000

11 202 000

Viken

5 915 000

739 000

190 000

80 000

90 000

7 014 000

Oslo

5 994 000

29 000

30 000

6 053 000

Til sammen

58 769 000

2 988 000

1 680 000

335 000

1 145 000

113 000

65 030 000

Ekspander/minimer faktaboks