Hopp til innhold

Dobbelsiger til Gloppen

Trude Raad og Marte Rygg Årdal frå Gloppen tok gull og sølv i sleggje under Junior NM i Stavanger fredag.

Trude Raad og Marte Rygg Årdal

Gloppen-utøvarane Trude Raad og Marte Rygg Årdal slår til under junior NM i Stavanger. Arkivbilete frå snior-NM i Trondheim.

Foto: Arve Heggheim

Med kast på 58,55 meter sette 18 år gamle Raad ny norsk juniorrekord og meisterskapsrekord.

16-årige Årdal kom rett etter med eit lengstekast på 53,70 meter.

Fleire medaljar

Kule: Raad sikra gull også i kule med 12.52, medan klubbveninna Amanda Hjelmeset sette solid personleg rekord og fekk bronsen med 11.05.

Stav: Kim Leirvik frå Florø tok gull i stav med 4.40 meter, noko som er like bak hans personlege rekord. Bronsen tok Tor Inge Øvrebotten Myrhol frå Svelgen T&IF med eit hopp på 3,75 meter.

Høgde: Henrik Holmberg frå Vik IL tok bronse med eit hopp på 1.94 meter.

Held fram

Etter fyrste dag i junior NM har utøvarane frå fylket henta heim heile sju medaljer.

NM held fram med konkurransar både laurdag og søndag.