Hopp til innhold

Pappa Northug refsar NRK for hulkevideoen etter VM-gullet

John Northug skal aldri ha opplevd eit større overtramp mot Petter Northug enn då NRK sende bilete og lyd frå hulkegråten under VM i Oslo.

Video Her er Northug så sliten at han gråter

– Eg synest det er eit overtramp frå NRK å bruke denne lyden saman med bileta medan dei samstundes filmar Petter sin reaksjon i sofaen. Det er eit prinsipp om eit visst kjeldevern, seier John Northug ifølgje VG i den nye boka «Gull og grønne svensker».

Boka kjem for sal i dag, og der tek pappa Northug eit oppgjer med det han opplevde som eit overtramp mot sonen under VM:

NRK hadde utstyrt trenar Morten Aa Djupvik med ein mikrofon. Då Petter Northug gjekk inn som verdsmeister i Holmenkollen, kasta Aa Djuvik seg over han. Dermed blei gledestårene til skistjerna fanga opp.

Opptaket blei sendt på TV etterpå, noko både Northug sjølv og faren reagerte sterkt på.

I dag skriv VG at pressetalsmann Otto Ulseth gjekk ein runde med Djupvik etter hendinga.

– Morten beklaga til Petter rett etter vi hadde snakka saman, seier Ulseth.

Sportsjef Åge Skinstad seier dei generelt er forsiktige med å mikrofonar på seg.

– Det siste Morten tenkte på då han kasta seg over Petter, var mikrofonen han hadde på seg, seier han til avisa.